søndag 17. august 2008

Summer of '08

Oh when I look back now
That summer seemed to last forever
And if I had the choice,
I'd always wanna be there
Those were the best days of my life

Summer of '69 har alltid vore ein slutt-på-sommaren-song for meg. Og slik er det i år og. Eg er attende i Bergen (i eit hus utan mat (som eg har lyst på), dersom eg får lov å klaga litt), og sommaren er dermed slutt. I morgon byrjar ein ny kvardag, på same universitet, men på anna studie.

Det har vore ein sommar utan dei store sprella. Eg har ikkje drive ekstremsport. Eg har ikkje prøvd ein ny jobb. Eg har ikkje reist til det store utland (dersom me ser vekk frå Estland, og det gjer me), og eg har ikkje gjort dei store endringane i livet. Men eg har hatt ein fantastisk sommar! Den har vore full av dei små augneblinkane som gjer alt, dei augneblinkane der ein skjønnar ein er lukkeleg, eller dei augneblinkane som seinare glir fram som dei mest minneverdige.

Å eta lunsj i Rådhusparken i Lærdal med Gro.
Når Di Derre spelte "Rumba med Gunn" og nokre av mine beste vener sto saman med meg og hylte.
Å vassa ut i Hedler med kajakken på slep og føtene i gjørme på fjordbotnen.
Stå i Kvammegarden og brøla "Sumar i Lærdal" saman med halve bygdi.
Kasta fiskesprett på Aurlandsfjellet, og bli slegen ned i støvlane av resten av familien.
Fotosession på brygga ved Nigardsbreen med Karoline og Kristine.
Kjøpa burgar i Håbakken med Anja og eta i underhuset medan me ser film på storskjerm.
Stå side om side med Anja, telja til tre og hoppa på fjorden i Vindedal.
Sjå Knocked Up med Eirik og Olve.
Telefonsamtalane med Anja og Monica då ei fekk mattekarakteren og hi jobb.
Dansa macarena i bryllaupet til Jon og An-Magritt saman med tenåringane i familien.
Sitja på altanen i Skjerdal saman med tanter og onklar medan ungane trur me ikkje har lagt merke til at dei spionerar.
Å få flatbrød med rømme og spekekjøt i bållavvoen på Vinjerocken.
Synga "Idyll" av full hals saman med syskjenbarna medan me legg i brimosten.
Reinska blåbær medan eg høyrer på skravlinga til syskenbarnet og mumlinga til bror min. Det er ikkje alle rollar som er like store i ein samtale...
Få sandwich-is medan me tek poteter når det er nettopp det eg hadde lyst på sjølv om det ikkje er fint ver.

Heldigvis har eg bileta og minna - når sommaren no eingong ikkje er evig.

Man, we were killin' time
We were young and restless
We needed to unwind
I guess nothin' can last forever...

(bilete: Bøafossen. Sommarlektyre. Fleire bilete kan sjåast på fjesboki)

1 kommentar: