måndag 25. august 2008

Byhelg

Det var helger som denne eg såg fram til då eg i sommar lengta attende til byen. Helger fulle av hendingar, minimalt med studiar og massevis av gode vener.

Etter førelesing på fredag venta kafe-livet, for andre/tredje gong på omlag like mange dagar. Då ettermiddagen kom for eg heim til lesing og ein roleg ettermiddag, før Wiebke (mi veninne frå Tyskland), Bertram (hennar kjære) og eg heiv oss i ein diger bil og køyrde til Fana kyrkje, der me var vitne til ordinasjonen av Monika, ein av leiarane på TSN. Kyrkjekaffi vart det og på oss, før me suste heim til Bergen by og pizza, krim og skravling.

Laurdag skulle vera lesedag, men den gang ei. Ein kjapp bytur vart til tre timar i godt lag - og med diverse utgifter - og ettermiddagen vart brukt til skravling og bittelitt lesing før tacoen kom på bordet og film vart sett ut i dei små timar.

Søndagen byrja brått. Opp for å vera i Domkirken til ti, der eg var kyrkjevert på semesterstartgudsteneste. Kyrkjekaffi utanfor kyrkja gjekk over i føremiddagsmat og kaffi i huset med Magnhild og Einar, Wiebke og Bertram og sjølvsagt husets eigne. So vart det søndagsmiddag, før me hasta avgarda til Brann stadion. Der fekk me sjå at berre flaks (og vekktumla skot) redda Brann frå totalt nederlag mot Rosenborg. Til trøyst vart det stopp på Dolly's på veg heim, og pizza som nattmat.

No er kvardagen atter her, med forelesing, bokkjøp, lesepress og modernisme kring alle hjørne. Og eg vil helst berre kvila ut etter helgi...

(bilete: Wiebke og Monica på stadion. Frå ein kamp som gjekk bra (Brann-Viking i fjor haust))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar