søndag 10. august 2008

MålRock

Grisen står og hyler, i den stille kveld....
...hun er på størrelse med en liten traktor og heter Gunn...
Hello, Oslo, last time we met we didn't get along...
Kjære, jeg har tenkt litt...

Helgi har eg brukt i Årdal, av alle stader, med gode vener og flott musikk. For andre gong på vel ei veke har eg vore på festival, denne gong var det målROCK i Meieriparken på Årdalstangen. Stemninga var god, både på festivalområdet og heime i dokkehuset, der tida mellom slaga vart brukt til andre type slag, som kampen for nok søvn og Uno-speling.

Av konsertar var Di Derre på fredagskvelden eit høgdepunkt. Ingenting toppa desse karane, dei har jo hit etter hit med stor allsongfaktor og ein god historie i kvar einaste tekst. På ein god andreplass kjem eit band som ikkje passar inn i profilen til målRocken, nemleg The Disciplines som syng på engelsk. Men dei skapte liv, sjølv om det var verken dialekt eller norsk. Og det vart nesten litt vel intimt med vokalisten til tider... Elles er jo Odd Nordstoga alltid sjarmerande, og me fekk svinga oss sveitte til svensken Nisse Hellberg. Moro det og.

Til tross for gode band og stemning, var det likevel selskapet som gjorde helgi. Anja, Frida, Kim, Anders og Eiren: takk for ei fin helg - sjølv om me var i Årdal...

(bilete: dårleg staving på MålRocken vart heldigvis retta av Målungdommen. Kim og The Disciplines-vokalisten. Anja og eg på CC Cowboys-konsert.)

5 kommentarer:

  1. Hei Mari!
    Ser ut som du har hatt det skikkelig bra på festival.
    Eg gleder meg til å spille UNO på høstturen til ICY. Lenge siden sist eg spilte kjappUNO! Eg spilte faktsik UNO i Palestina, men det blir liksom ikkje heilt det samme når ein ikkje kan slå på 9'eren og forsvare seg mot spesialkorta... Det var vel kanskje sånn dåke spilte?
    Sees snart! Gler meg til det!

    SvarSlett
  2. by the way: Liker diktet/sangen på sida ;)

    SvarSlett
  3. Følte absolutt det passa no utpå sommaren :-)

    Nei, me spelte normal Uno til noko som kunne vore det kjedsommelege, utanom at det ikkje var det. (rar setning der) Var nok å halda styr på for ein del, både på grunn av låg konsentrasjon, litt sterk drikke og ikkje minst sterke viljar... :-)

    SvarSlett
  4. ÅÅh, jeg kan skimte et palestinaskjerf som er kjøpt i Palestina! Hurra :-)

    SvarSlett
  5. Skulle gjerne sagt du har rett, men det er nesten. Palestinaskjerfet er kjøpt frå Palestine YWCA i Praha i 2003...

    SvarSlett