I dag har eg hatt mitt fyrste møte med nordisk 100nivå. Eg vil oppsummera det raskt med å sei at eg er glad for at eg har hatt både Ex fac og språkvitskap på engelsk, for dette var mange ord på kort tid (både leksem og bøyingsformer)...
Elles har eg ein førelesar som er sikker på seg sjølv og faget sitt, og det er jo bra: "Dette er det mye uenighet om, men jeg har rett." Og so viste han oss ei morosam side på ordbok.no (ja, eg veit, no er eg blitt språknerd att): oversikt over dei 300 mest oppslegne orda. På topp på døgnstatistikken på bokmålslista ragar vorspiel, medan hacke var vanskeleg forrige veke. Den siste månaden har flest lurt på kongenital (som er eit ord eg aldri har tenkt på at ein kan lura på), medan vinnaren dette året er dessverre, med 7730 søk! Gratulerar til dessverre.
På nynorsklista er det og mykje moro. Det verkar som nynorskbrukarar slit mest med ordet hacke, men årsstatistikken viser at vere og være skapar forvirring. Det mest oppsiktsvekkande her er vel likevel fjerdeplass på statistikken for i går, sengehygge. Tøs er oppe på sjetteplass på månadsstatistikken. Om det er det at ein har bruk for ordet, er blitt kalt det eller rett og slett lurer på kva det tyder seier statistikken dessverre ingenting om.
Statsministrene støtter universitetsinititativ
for 5 dager siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar