tysdag 29. juli 2008

Olsok

Gong på gong har eg gløymt at det er Olsok i dag (dagen Heilag-Olav fall i slaget på Stiklestad i 1030, for dei som ikkje hugsar det i farten). Ifølgje Wikipedia er det flaggdag (og det stemmer jo), det har vore ein av dei største helgedagane, og er enno rekna som ein andre nasjonaldag. Det siste vil eg sei meg ueinig i, i Lærdal har det alltid vore jonsok som er greia. Men det skadar vel ikkje å gjera noko spesielt på olsok heller, sjølv om eg altså har gløymt det meir enn eg har hugst det i dag (eller antakeleg lika mange gonger, ettersom dei to tinga heng saman).











Olsok vart dermed feira med grilling og bading i Lærdalsfjorden for Anja og meg. Det er jo kjent at eg ikkje tek så lett på dette med bading, og etter fyrste hopp i sjøen og kaving i land att hadde eg hjartebank i lange tider. Men det kom seg, den siste gongen låg me faktisk og plaska litt uti fjorden, før me luftturka på land.

Kvelden ved fjorden vart avslutta med øsregn (men sommartemperaturar) i bringebærfeltet, og bringebær og rips med vaniljesaus var ein flott prikk over ien på ei olsok-feiring meir til æra for sommaren og finveret enn den gamle slåsskjempa av ein konge. Men eg er sikker på at han ikkje tek so tungt på det - det er i alle fall ein (av dei få?) olsokane som verkleg skil seg ut.

3 kommentarer:

  1. Ikkje verst at du fekk markert dagen :) så du er ikkje vant til Olsok-graut (rømmegraut) inne i Sogn? Rømmegrauten min vart erstatta av kebab frå Bergen kebab i går... ikkje akkurat det same.
    Sidan det er så sjeldan eg får brukt raud stola (olsok er raud kyrkjedag) vurderte eg (kjempeseriøst *not...*) å tusle rundt med den på jobb for å kunne markere dagen på eitt eller anna vis... Olav hadde jo også med seg den første feltpresten.

    Sikkert svært få som forstod kvifor det var ekstraflagging i går og sikker mange som ikkje flagga i det heile. Så støttar deg i at det ikkje er særleg medvit kring ein slik "andre nasjonaldag"...

    SvarSlett
  2. Hehe, det hadde no vore moro om du hadde tufla rundt i raud stola berre fordi du kunne... :-)
    Kan henda det er vanleg med rømmegraut i Sogn, trur eigentleg det er det, men ikkje so veldig i Lærdal. Eg stemmer uansett for grilling i denne heten...
    Du er attende i Bergen no Turid? Rett attende til militæret eller?

    SvarSlett
  3. ja, drog rett frå jobb til Hamburg, og rett frå Hamburg til jobb (sånn ca jaffal, var heime to dagar i helga).

    SvarSlett