onsdag 16. juli 2008

Bloggverda utvidar seg

Eg tek litt av skulda for at Anja no har oppretta blogg. So får me sjå om den vert kortliva eller langlevd (har ikkje peiling på om desse orda finst eller korleis ein skriv dei, so derfor tek eg med alle moglegheiter). Gratulerar Anja!

Elles fer eg til Skjerjehamn i bryllaup i dag, og etter litt att og fram med meg sjølv har eg bestemt meg for å lata dataen, den kjære, vera att heima. Derfor vert det kanskje, kanskje ikkje oppdateringar fyrst over helgi (på den andre sida har eg både bror og onklar som har med data, kjenner eg dei rett). Det vert dermed spanande å sjå om det har skjedd noko nytt på dei mange bloggane som har dukka opp i løpet av sommaren til dess :-) (hint?) Men alle bloggarar, nyt sommaren og! Til tross for at den ser ut til å by på regn og ruskever, er den vel verdt å få med seg.

1 kommentar:

  1. Det er jo mange som har fått bloggar i sommar: Hilde (engevold.blogspot.com), Monica (ugulsvik.blogspot.com), Ingvild (ingvildharordet.blogspot.com), Anja (lieanja.blogspot.com) og sist men ikkje minst Lena (lenhaniko.blogspot.com). Har eg gløymt nokon?

    SvarSlett