måndag 23. juni 2008

Jonsokafta

Det er mange tradisjonar knytt til jonsok og jonsokafta. Nokre av dei gjeld for alle, nokre er meir lokale. I Sande brukar me å grilla på Øynedn og tenna bål - men i år gjekk ikkje det. Det er ikkje ofte me ikkje trassar veret, dette er tredje gong på ti år me har vore heima, og antakleg andre at me ikkje har reist ned i det heile. Men regn og vind og rett og slett ufysleg ver gjorde at det ikkje freista på nokon som helst slags måte, og heller ikkje var forsvarleg. I stadenfor vart det Little Miss Sunshine på dvd, og marshmallows i kakao - det trur eg er fyrste gong ein midtsommardag.

No er jo ikkje Jonsok midsommar lenger, og som eg nemnte i forrige innlegg bommar me med tre dagar i høve Sverige i år, som feirar det på rett dag. Ifølgje Wikipedia er dette fordi vår feiring føl ein gamal kalendar. Me er vel kanskje litt treige av oss? Men me har og helde fast på "kristninga" av festen, og kallar det Jonsok eller St. Hans etter fødedagen til Johannes Døyparen, som altså er i morgon (me her i nord har vel alltid hatt ein forkjærlegheit for -after, jmf. julafta...)

Men nokre ting er tradisjon fleire stader. Ein tradisjon me har er det nemnte bålet. Dette er, i følgje Wikipedia, enno ein gong, på grunn av at bålet beskyttar mot dei skumle maktene som er ute denne natta. I Sverige er det visstnok farleg å bada denne natta og, medan i Noreg skal ein gjerne feira attmed vatn (har eg lese ein eller annan stad, som eg ikkje finn att no.) ein tradisjon me har felles med Sverige, er å plukka sju sortar blomar. Wikipedia (eg likar det altså) nemner ikkje dette i forbindelse med Noreg (det gjer derimot denne sida), men det er noko som alltid har blitt gjort på Øynedn i Lærdal iallefall. Ein skal plukka sju sortar blomar og legga dei under puta - og so drøymer ein om den ein skal gifta seg med. Eg hugsar aldri dei draumane...

I kveld vurderte eg ein augneblink om hageblomar tel som sju sortar, men mamma meinte eg måtte reisa litt lenger vekk. Og det gjorde eg - nokre meter i det minste. So no har eg raudkløver, kvitkløver, engsmelle, gulmaure, tirilltunge, ryllik og kvit jonsokblom til å fortelja meg kven som er den utvalde. Det vert ei spanande natt!

(bilete: Jonsokafta 2006. Familien som sprett sprudlevatn og Gro og Åse etter å ha plukka sju sortar)


11 kommentarer:

  1. hugsar du noko? kven er den heldige?

    SvarSlett
  2. Jo, det er enten ein av gutane på LiV-kurset elle han doktaren so berre e statist på Home and Away... Nedtur altså.
    Eg klarte å drøyma ei sær blanding (slik draumar ofte er): folka frå LiV-kurset, bilen frå Little Miss Sunshine og handlinga i Home and Away. Dei to siste tinga seier litt om livet mitt for tida... Eg er berre forundra over at det ikkje var med poteter og Supermann i tillegg. Uansett, betre lukke neste år, trur eg me kan oppsummera med.

    SvarSlett
  3. hehe. trur du ikkje det blir home and away-karen, altså?

    SvarSlett
  4. Ein statist? Eg stilar høgare enn som så...

    SvarSlett
  5. Men han e jo trassalt statist i home and away :)

    SvarSlett
  6. Det er sant, ikkje gale berre det. Kanskje e ska ta ein tur t Australie og finna meg han..? Kan høyra m Lena om ho traff han når ho susa rundt på den strondi der nede...

    SvarSlett
  7. Trodde det bare var meg som plutselig begynte å tenke tilbake på LiV-kurset.

    Nå ble jeg plutselig veldig nysgjerrig... ^_^

    SvarSlett
  8. Det skal seiast at dette var LiV-kurset for S og Fj. i år, ikkje vårt. Nedtur det og ;-)

    SvarSlett
  9. Ah, kanskje det er ment å symbolisere et slags gjennomsnitt eller en slags blanding av de to?

    En ung utvekslingsstudent fra "down under" som nesten er lege, og som gjerne står på en scene, men helst litt i bakgrunnen?

    SvarSlett
  10. Hm, kanskje det? har du ein til meg...?

    SvarSlett
  11. Den siste jeg hadde dro hjem og giftet seg, så desverre...

    Men hvis du leter litt i haukelandsområdet dukker det sikkert opp en før eller siden.

    SvarSlett