.jpg)
Anja er grunnen til at eg verkleg oppdaga Dagfinn Lyngbø, og grunnen til at huset i Bergen (med visse tillegg) gjerne refererar til seg sjølv og kvarandre som "flokken" (grunnen kan du sjå her).
Anja sender og ofte e-postar til oppmuntring for jenter (og dermed ofte latterleggjering av mannfolk...) Eg er dårleg på dette med kjedeepostar, men når eg ser at Anja er avsendar vert eg i godt humør. Ein av grunnane er dette eit døme på:

Anja skal bli sprek. Det skal jo eg og, men Anja er mykje flinkare enn meg til det. Men i dag var me lika flinke, i dag gjekk me Vindhella og Sverrestien i ein rasande fart. Irja var med og, Anja tok ansvar (Irja treng og å bli sprek). Det var ein flott tur, eg fann ut at eg har ikkje gått nett dei vegane sidan me vassa der i mars fyrste året på vgs, i slaps og sludd. Altså, på tide.

Oppsummering: Eg er godt nøgd med at Anja er mykje i Lærdal i sommar - og eg (og hunden) håpar på fleire turar som denne i vekene framover. Kven seier ein må ut av bygdi for å ha sommarferie?
Anja fekk forresten 5 på matteeksamen! Eg gratulerar, det var vel fortent
SvarSlett