Les
denne artikkelen på Dagbladet i går, om israelske soldatar som står fram og fortel om overgrep, tortur og trakassering av palestinarar, særleg i Hebron. Dette forundrar meg ikkje, men er likevel trist å lesa. Men kanskje ikkje rart at slikt skjer? Når ungdom, som er opplært i at det andre folket som lever i byen er fienden, får makt til å undertrykkja denne fienden, er det rart dei gjer det? Det er haldningane som må gjerast noko med, og busetjingane som gjer dei enorme mengdene soldatar "naudsynt" (400 busetjarar, 2000 soldatar i Hebron). Då er det godt organisasjonar som dette, og andre israelske, palestinske og internasjonale organisasjonar, set lys på saken. Hadde det berre hjelpt...
Takk for at du gjør meg (og andre) oppmerksomme, Mari!
SvarSlett