søndag 6. april 2008

Helg i Bergen

I løpet av eit år får eg ikkje ekstremt mange helger i Bergen, tida går mykje med til farting rundtom eller heimom, og so fine helger som denne er heller ikkje vanlege. Helgi er heldigvis ikkje over enno, men eg skriv likavel eg...

Dagen i går gjekk med til oppgåveskriving - men eg skal spara alle for klaging over lite stoff og vanskleg tekst. Det kjem nok snart uansett. Men oppgåva vart iallefall klar til innlevering.

Om kvelden for Monica og eg på kino, og eg fann ut at om ein skal finna seg ein kjekkas må ein reisa til Irland, for det var det jenta i P.S. I Love You (trailer) gjorde. Det var ein film eg visste eg kom til å gråta av - og det slo til. Men det var god gråting, tårer som rann roleg og kledeleg (eller ikkje) nedover kjakane, og som fort forsvann i latter. Og når nokon seier "What do you want? I know what I want, cause I'm holding it in my hands", so må du berre gi etter og leva med...

Etterpå gjekk me på Egon og åt baconcheeseburgar. Ein vakker dag skal eg finna på noko anna å eta når eg er på Egon (og gå ut og eta ein an plass...), men ikkje før eg er lei - og det vert nok ei stund til. Det er noko trygt i det å vita at ein kan bestilla noko ein veit ein likar. Kanskje kjedeleg, men trygt. Akkurat som at eg likar best å laga pizzaen sjølv, for då veit eg at eg vert nøgd, eller kan skulda på meg sjølv. Kvelden vart avslutta heime i vår eiga stove, med det store bileta-må-hengast-opp-på-veggen-prosjektet. Resultatet er me godt nøgde med, og på ein vegg i stova har me no bilete av "familien" (nesten, Anja manglar enno).

I dag har det vore SOL i Bergen by! Og alle, og det verkar nesten som det ikkje er overdriving, var ute på tur. Magnhild og eg og, opp i Svartediket. I ein sving sette me oss på ein benk og åt brownie (som minna meir om karamell, eg skjønnar ikkje kva som har skjedd med oppskrifta mi...) og såg på utsikta, medan me ignorerte ein litt sur vind og påsto at våren er komen. For akkurat no kjennest det verkleg slik, og at våren og inneber eksamen og oppgåver - det utset me til i morgon.

Forresten, Magnhild har lova bilete frå turen på si side, so føl med der :-) Og til æra for våren som me no påstår har komme (viss me ser glatt vekk frå haglbygene på fredag) har det komme nytt Hauge-dikt i venstremargen. Nyt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar