torsdag 17. april 2008

I dag -

såg eg ei humle!

Bergen viser seg frå si beste side denne veka, ei side som gjer at folk strøymer ut av husa, ei side som gjer at fortaua er fulle av uteservering, ei side som gjer at bker vert lagt vekk til fordel for solbriller, rett og slett frå solsida! Eg har sikkert sagt det før, men eg seier det ein gong til: Eg likar Bergen i sol - og eg likar bergensarar i sol, dei er so blide :-)

I går var eg ute i soli so godt som heile dagen - ettermiddagen var nemleg sett av til solnyting, iseting og fotografering rundt om i byen. Knapt eitt bilete vart vellukka, men magemusklane fekk lattertrening - særleg då me krabba rundt på Bryggen med sjølvutløysar...

I ettermiddag vaska og sette eg ut hagemøblane våre, og ei eplekasse til bord. Fregnene mine fekk nye vener medan eg les omsetjingsteori i eigen hage. Og medan eg naut fulgesong, lukta av gras og humlesurring.

I kveld vart ICY-møtet flytt utandørs, og fire jenter sat rundt Haakon 7. på Bergenhus festning i solnedgangen.

Måtte det vara lenge...

3 kommentarer:

  1. Gor morgen, Mari!
    Du skriver veldig godt.
    Takk for bildet. Fikk error i går, så det kommer ingenting hos "meg" før over helga.
    God helg
    klem

    SvarSlett
  2. åå soool! e vil ha! det snøa her hin dagen faktisk.. men det ga seg fort heldigvis!

    SvarSlett
  3. Oioioi! Ja, spar oss for meir snø no - har hatt nok, det har sikkert snødd minst tre gonger i vinter ;-) Men no er det vår, me har grilla i dag!

    SvarSlett