laurdag 5. desember 2009

Pynta pynt og spela spel


Eg er av dei som meinar at ein ikkje skal pynta til jul før det er jul. Ein kan ha stjerne i glaset og lilla dukar og lys her og der, men julepynten skal ein venta med. Men i år har det gått litt gale - dersom ein skal få nyta eit julepynta hus i Bergen må ein gjera det tidleg, og derfor er stova full av englar, og desse søte små står i glaskarmen min saman med den kenyanske elefanten. Og det er meir som har blitt pynta:

Utanfor lesesalen har masterstudentane ein stor del av gangen heilt for seg sjølve. Der har me eit par bord, kjøleskåp og sofa - alt ein treng for eit lukkeleg studentliv. Men gangen elles er trist, særleg sidan den einaste pynten me har ser ut som det er laga av lite estetisk medvitne orkar. Derfor har det vore eit tema gjennom heile november kva som kan gjerast med denne pynten - og i går, akkurat i det eg leverte den siste eksamenen min, kom Gunn Inger med blå julekuler. Dermed vart det pynting av pynten, før eg tok juleferie frå lesesalen.


Fyrste kveld i juleferien vart nytta saman med ICY på juleavslutning. Gløgg, pakkeleik og Store norske spillet, i tillegg til fleire latterkrampar og høglytte diskusjonar kring forfattarar og algar, og alt innimellom. Det er godt å ha ferie, pynta pynt, spela spel og vera med vener.

(Bilete: Julenissevener og elefanten.
Lesesalvener pyntar orkepynten.
ICY-vener trillar terning og spelar spel)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar