torsdag 3. desember 2009

Ligrettovaffeldate

Då eg slutta på nordisk i vår, so var det ikkje med lett hjarta. Det var sjølvsagt mykje på grunn av emnet og - ikkje minst - førelesarane, men og medstudentane. For me var ein fin gjeng, som kollokvierte, sukka over førelesarane (både på godt og vondt) og beint ut treivst saman. Den siste kvelden saman gjorde me ein avtale: felles vaffeleting minst ein gong i veka! Eg må innrømma eg tenkte som so at "det vert vel ikkje so godt fulgt opp, dette", men der tok eg feil - og godt er det! For allereie tidleg i haust bestemte me tid - torsdag klokka tolv - og stad - kantina på Sydneshaugen.

Og der har me vore, Janne, Halvor og eg, nesten kvar veke. Vaffeldateane var ein måte å halda saman til trass for ulike institutt, og det var ein god plass å få lufta frustrasjonar og nyerverva kunnskap. Halvor har undervist oss i norske fornamn, medan me jentene har fått klaga over uforståeleg gamalengelsk syntaks. Vaffeldateane utvikla seg snart til å bli ligrettovaffeldatear, og dermed var det i dag, på min siste dag i semesteret, duka for ligrettovaffeldatejuleavslutning! Me hadde både julebrus, mandariner, julenissesjokolade og - ikkje minst - vaffler og Ligretto.

Ligrettospelinga vår har vore hard og langvarig, og ved semesterslutt kan poenga framstillast omlag slik:

Dette er då dei reelle poenga me har fått i løpet av året, men sidan ein date inneheld alt frå 10 til 22 omgangar, må ein viss utjamning til, og grafen under viser poeng i snitt per omgang på kvar ligrettovaffeldate:

Eg trur me kan oppsummera hausten omlag slik: Janne har den største utviklinga, Halvor er klår vinnar - og eg, eg held det på det jamne, eg...

4 kommentarer:

  1. hehe, artig statistikk du har ført. Lykke til neste semester. Eg trur du har potensiale til å vinne meir!

    SvarSlett
  2. Flotte statistikk må eg seia:D! Godt å sjå at du fekk tid til ditta innimjødlo oppgåveskrivingo;)...
    For øvrig like eg ikkje heilt utviklingskurvo mi, men på den andre sio so e da jo møkje kjekkare når da verte jamnt og spanande!

    Tusen takk for hyggjelege ligrettovaffeldater:)!

    Halvor

    SvarSlett
  3. Eg mao berre sei at eg gler meg te fortsettelsen..før denna tradisjonen e pao ingen maote slutt:)

    SvarSlett
  4. Absolutt ikkje slutt! Men boy, om me skal øva når du er vekke - muhahaha (Ja, eg ler berre for ikkje å gråta ;) ) For ja, eg har potensiale til å vinna meir - og Halvor, etterkvart skal du få slita og. Men me kan ikkje overkøyra deg heilt heller, einaste hanen i korga som du jo er :)

    SvarSlett