torsdag 27. august 2009

Personlege historiar

Å ha besøk frå Palestina er ikkje noko ein eigentleg har tid til veka semesteret byrjar att. Men det er svært kosleg då, å skravla kring frukostbordet, sitja oppe om kveldane, høyra kva dei synest om møtet med Noreg og Bergen. Ein tenkjer at det er ungdommar som oss, og det er dei. Men so høyrer ein dei fortelja om kvardagen sin.

Eg har vore i Palestina. Eg har møtt mange derifrå. Eg er over snittet interessert, og føl godt med. Men det er alltid like vondt å høyra om kva høve dei lever under. I kveld hadde me Palestina-kveld på Ynglingen, ein vellukka kveld med ein del besøkande, god mat og sterke historiar. Det var særleg to ting som traff meg svært: Mariam si sju år gamle syster som ber for maten. Ho ber om det som fell ho inn, men ho avsluttar med at ho ynskjer dei israelske soldatane døde. Ein sjuåring ynskjer nokon død - fordi dei rundt ho gjer det, det er det ho høyrer, det ho opplever, det ho veks opp med. Og Bashir, Bashir som alltid smiler og ler, som er litt frekk i kjeften og som seier det han meinar. Han fortel at han kunne drept, hadde han hatt våpen, når han vert audmjuka på checkpoints. Då skjønnar ein kor gale det er, kor audmjukande og håplaust det kjennest å ikkje vera fri i sitt eige land.

Me er heldige, som kan lea oss fritt. Me er heldige som kan ta det for gitt. Det er det svært mange som ikkje kan. Issa avslutta med å sei at dei ikkje vil at nordmenn skal vera i mot israelarar. Men palestinarane vil og vera frie, frie til å leva som andre i verda - og me som har den fridomen har eit ansvar om å jobba for å komma dit, både for dei og for andre i verda som ikkje er der enno.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar