fredag 14. august 2009

Nye oppdagingar

Legging av born kan samanliknast med sauajag eller innfanging av geiter - går du mot dei og veivar med armane spring dei ofte motsett veg, men nokre er for late, for sta eller for dumme. Praktisk.

Nesholmen er som ein andre heim for meg - eg vert ikkje lenger overraska når eg vaknar der. Kor på Nesholmen eg vaknar? All over the place.

Det går an å ha "You Can´t Stop The Beat" på hjernen i fire dagar i strekk - og synga bordvers på den melodien fordi du ikkje kjem på noko anna.

After Eight hjelp mot det meste, som sinte nattevakter og våte føter (begge deler meg, altså)

Ungar har ein fantastisk moral: "Det er ikkje lov!" "Joda" "Nei, for det er ikkje snilt, so!" Tenk om det var so enkelt.

2 kommentarer:

  1. Hehe..mange slags lærdomma ein kan dra ao ei veka pao leir..:) Og After Eight hjelpe faktisk mot da mesta!

    SvarSlett
  2. After Eight e ein fantastisk oppfinnelse!

    SvarSlett