måndag 10. august 2009

Blåbærblå lukke

Velkomen til Øystølen!

Lukka er lysegrøn, heiter det. Det er ikkje sant. Den er blåbærblå, mjølkekvit og gyllen som flammen på eit stearinlys. Den høyrest ut som elvebrus, geitemekring, hestehovar, spraking frå bjørkeved og glade ungehyl.

Eg har vore på Øystølen i tre dagar. Der var selet stappfullt, me sov 17 stykkje der laurdagsnatta, med tre til i naboselet. Måtida var aldersdelte for å forenkla logistikken, men leik og arbeid er for alle aldrar. Ungane grasa forresten meir enn dei åt anna mat, såg det ut til - blåbærblå smil frå øyre til øyre sladra om diverse stopp i blåbærtuene.

På veg over fjellet med tre kjekke karar - eit par syskenbarnkjærastar og bror Olve

Det er fleire enn dei mange folki som vil inn i selet

Brimosten skal i former. Gjøri, Sebastian og eg

På veg heim, med blå tunge og trøytte bein, nesten i Skjerdal

2 kommentarer:

  1. Åååh! Høyrdest veldig idyllisk ut:) Og eg likte fantastisk godt skildringen din i da førsta avsnittet ditt..som sagt; idyll:)

    SvarSlett
  2. Ja, det er virkelig lykke du har beskrevet i første avsnitt. Vakkert! Eg kommer nettopp fra stølen til familien til Einar på Gol. Der har eg drukke melk rett fra kua (bare nedkjølt først) og spist flere liter blåbær!

    SvarSlett