søndag 30. august 2009

Tomt hus

"Yes, Mum," var vel noko av det siste Bashir sa før me sa hade i dag tidleg. Eg hadde sett fram mat og maste om at dei skulle eta. Gale når ein vert mor til gutar tidleg i tjueåra når ein sjølv knapt er eldre...

I dag reiste altså palestinarane heim att, etter ti dagar i Noreg. Huset er rart tomt, og sjølv om det på mange måtar er godt å få råderett over stova si att, er det vemodig. Ein flott avskjedsfest i går avslutta opphaldet deira her, og utvekslinga vår for i år. Det er rart å tenkja på at det ikkje er sikkert me ser kvarandre att - men so kjem eg på songen Agnete og eg song i går, og so tenkjer eg at me gjer jo det: "Vi står i forbund over jorden all, så sikkert en gang og vi møtes skal", eller kva no teksten eigentleg er.

(Bilete: avskjedsmiddag hjå Magnhild)

P.S. Dette var blogginnlegg nr 300. Congrats til meg!

2 kommentarer:

  1. Ja, sånn kan det gå. Det er merkelig å ikkje skulle ha ansvar for å møte noen i dag eller i morgen. No kan eg tenke på meg og mitt. Lese litt kanskje... eller ikkje...

    SvarSlett
  2. Detta såg koseleg ut!

    SvarSlett