søndag 6. september 2009

Oi, september!

Hm, tida flyg, og bloggen stagnerar. Ei veke sidan førre innlegg, det er ei stund til meg å vera. Det viser kanskje helst at eg ikkje har svært mykje tid å lata som eg driv med andre ting - veka har forsvunne mykje i tur til Førde for å planleggja LiV-kurs, hysterisk lesing for å ta att det eg ikkje har gjort før i veka, og ei kosleg helg med gode vener i Bergen.

Fredag kveld var det middag og film i femte i Gimle. Der bur fleire av danse- jentene, med diverse vener, og dermed vert det lett jentekveld med musikal og skravling. Og sidan dei har to digre leilegheiter til saman, vart det råd med overnatting for ei som snakkar seg forbi siste buss. Laurdag morgon byrja dermed med busstur heim - der eg forresten møtte statsministaren på busstoppet på Bryggen. Hm, valkamp altså...

Men so ignorerte eg glatt valkampen resten av dagen (eg har trass alt førehandsstemt allereie, so då treng eg ikkje stressa meir med det), og sat på ein benk i Byparken med Lene og såg på folk. Dvs, etter ei litt (u)heldig setning om ynskje om nye sko, vart det handling på oss (meg). Stor stas det og. Då Lene forlot meg til fordel for landskamp (som rykta seier ikkje gjekk so godt), åt eg middag i Musehagen, før det var kakefest og spelekveld i tårnet til Magnhild. Mange folk, gode kaker og god stemning - og ein seier i Alias. Det (og ikkje berre seieren altså) kan godt bli ein tradisjon!

No er det søndag ettermiddag, men Monica og eg er knapt ferdige med frukosten. Den vart lang og roleg. Det er og planane for resten av dagen - ta det lugnt. Det trengs, før ei ny studieveke med innlagt tur til LiV-kurs i Førde føl.

(bilete: Jentene i Gimle. Musehagen i solskin)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar