søndag 27. september 2009

Visur og vener

Eg tok helg på fredag. Eg tok so helg at eg gløymte å levera ei oppgåve, noko eg fekk klår beskjed om ikkje var typisk meg. So sant so sant - men so er ikkje helger utan planar typisk meg heller.

Men helgi har blitt full! Fredag kveld kom Inger Marie, Kim, Anders og Wiebke på middag hjå meg og Monica, og me åt og skravla lenge. So for Wiebke og Monica til byen, medan me attverande jentene slo gutane i Alias, og fortsette skravlinga.

Laurdagen byrja seint, men etter ein lang frukost følgde noke timar på Vil Vite. Fantastisk moro! Eg har aldri vore der før, men vil tilrå det på det sterkaste - stor stas! Ein snøggtur heimom, og so var eg klar for ein kveld med viser på Hotell Augustin. Aasmund Nordstoga med band song om "damur, jentur, kvende, kvinnfolk og ein og annan kar", medan publikum smilte, skrattlo, song med eller lot augo drøymande att. Neste del av kvelden var folkemusikkjam med proffe og amatørar, ei fin stund det og.

Me fyllte godt opp på Hector's, me som gjekk dit etterpå, og når lyset vart tent og folk jaga, skulle Wiebke, Monica og eg heimover. So langt kom me ikkje, for sovesofaen til Wiebke kunne romma tre trøytte jenter...

Men no er me attende i huset. Ute regnar det, inne brenn det i peisen, og me sit kring kaffikoppane med spøt, bøker, telys og musikk på anlegget. Aasmund Nordstoga, Trispann (takk gud for Spotify!) og Gjermund Larsen (ein må jo varma opp til neste konsert...) Helg altå, me like!

(bilete: Eg og Inger Marie på Vil Vite.
Kim, Anders og Inger Marie testar anatomikunnskapane sine - det var her eg vart skeptisk til den norske legestanden...

Framsidebiletet på cden Ein visefugg - som sjølvsagt vart kjøpt og selt i store kvanta)

Oppdatering: Søndagskvelden var ikkje over med musikk på anlegg og beina i sofaen. Gjøri, mitt kjære syskenbarn, kom rett frå handballkamp på middag, og ga meg speletime i retur for den. Eg synes eg gjer den beste handelen her! Ho hadde til og med med fele til meg, so no kjem det til å komma fæle lydar (nei, ingen stave- og orddelingsfeil her) frå huset i ei tid framover. Men det er moro! Eg "kan" Lisa gjekk til skulen...

(bilete: Gjøri med "mi" fele)

3 kommentarer:

  1. Eg vil velja påstå at den norske legestanden ikkje kan klandras for ikkje-fungerande puslespel:p Tar ikkje sjølkritikk for at eg ikkje klarte finne ut kva organer bitane skulle forestille;)

    SvarSlett
  2. Eg håpar berre at kroppen er eit mindre mysterium for framtidige medlemmer av legestanden enn det puslespel på VilVite er... :-)

    SvarSlett