Eg kom tuflande frå grauteting i kantina mot lesesalen. Planen var ca halvanna time med lesing, før helgi kom og eg skulle forlata bøker, stress, press og dårleg samvit på Høyden, og berre kosa meg. Eg stoppa litt framfor døra, trakk pusten - og høyrde ein som kremta litt i sofaen attmed. Ein i gamalengelsk-klassen. Ein av dei eg deler lesesal med. Ein av dei som kan alt. Sukk.
"Eg snakka med Kari i går, ho sa at du og slit litt?" Eg og? Eg og?! "Ja, alle me gutane har nok litt panikk. Du og Janne og Dania kan jo alt." Me? Alt?! Det viser seg at sju av åtte studentar skjønnar ikkje eit kvekk, riv seg i håret over ordklassar og bøyingsskjema, og har ikkje turt å sei det til andre enn ein av førelesarane. Kommunikasjon altså, gode ting! Det er litt gale å vera glad for at ingen skjønnar, men då gir panikken seg litt. Akkurat i tide til helg. Og eg skal berre kosa meg.
Statsministrene støtter universitetsinititativ
for 5 dager siden
Eg ha skjelden blitt so glad før å høyra at folk ikkje faor te ting, so da eg blei i jaor! Felles skjebne, felles trøst:)
SvarSlett