laurdag 12. september 2009

LiV, the sibling edition

Ein skjønnar ein byrjar å bli gamal når ikkje berre dei ein sat barnevakt for, men småsyskena til dei ein sat barnevakt for er med på LiV (leiartreningskurs i KFUK-KFUM). Og når halve gruppa er småsysken - og faktisk ofte dei yngste småsyskena - til dei (yngste) ein har vore på leir med. Ai, eg kjenner alle mine mange år tynga meg.

Men eg blir og lett, vel iallefall varm, om hjarta av dette. Årets LiV-kull er ein flott gjeng, som held ut gjennom strabasar, delar på det dei har av overskot, oppmuntrar, syng, fortel vitsar, blir overlukkeleg over bålkos og sukker (vel, kven blir ikkje?) og som eg gler meg til å følgja gjennom to år. Og so gamal er eg ikkje at eg ikkje kan gle meg over fellesskapen mellom dei, ein fellessakp eg òg får del i (når dei berre skjønnar at "kursleiinga" ikkje er den vonde sjølv...)

2 kommentarer:

  1. hehe, er du ikkje den vonde sjølv altså?

    SvarSlett
  2. Eg gav dei kakao, so dei har skjønt at det kanskje er noko godt der :-) Men av og til er eg nok den vonde sjølv, til dømes på Ludvik, eller når eg ikkje får sova pga reklamesonsynging...
    Men hjelpes, dei er ein bra gjeng, desse småsyskena! Eg gler meg til året med dei

    SvarSlett