søndag 2. august 2009

Vinjerock 2

Det vart Vinjerock i år óg! Sjølv om dei 200 siste festivalpassa vart utseld på eitt minutt (!) måndag, var eg ein av dei få heldige som fekk tak i, og fekk dermed kosa meg i dagasvis med god musikk og flotte folk (og til og med litt godt ver) på hytte på Filefjell og festival på Eidsbugarden.

Høgdepunkt? Eg veit ikkje. Kanskje å krypa i soveposen etter maaange timar på konsert? Eller når alle peika mot den blå flekken på himmelen fredag kveld? Konserten med CC Cowboys? Bo Kaspers Orkester? Skravling i Lærdalscampen? Team Gløstøs som avslutta heile festivalen? (Snakk om rett bruk av folkemusikk forresten!) Uansett, strålande helg:
Bålkos på hytta. Fantastisk når regnet tromma mot ruta (og alle andre låg i telt...)

Vår mann i Jotunheimen, Aasmund Olavson Vinje

Blå himmel! Underet skapte furore under Marit Larsen-konserten, der fleire såg opp enn fram

Stor-Vinje, hovudscena, med CC Cowboys på

Anja, smilande frivillig på Tyin
Ingrid, Frida og den (halv)nakne mannen i elvi

Godt nøgd med livet på Eidsbugarden!

3 kommentarer:

  1. Hørtes veldig kjekt ut. Har aldri vært på musikkfestival eg...

    SvarSlett
  2. Å, du må vera med neste år! Då MÅ det bli fint ver... Eller du kan vera med på Førdefestivalen neste år, eller MålRock. Det er mykje å velja mellom :-)

    SvarSlett
  3. Såg ut som det vart ei bra helg :)

    SvarSlett