torsdag 8. januar 2009

Fakkeltog for fred

I kveld gjekk 3000 menneske i fakkeltog rundt DNS i Bergen. Samtidig gjekk folk roleg og sindig i fakkeltog i fleire andre norske byar og tettstader, medan dei i Oslo rasa rundt. Eg likar vår måte betre. Det er meir tyngd over eit tog av menneske som samlar seg om ei sak, går i same retning og som ikkje let seg stoppa av trafikklys og sure sjåførar, enn over ei lita gruppe galne ungdommar som øydelegg privat og offentleg eigedom, og regelrett skadar folk (og som kanskje ikkje bryr seg om konflikta ein gong?). Ingen kan sei at eit tog med 3000 menneske som bevegar seg sakte gjennom gatene gjer noko gale, men det kan ein om dei andre.
Eg likte fakkeltoget i Bergen. Det var eit felles arrangement med mange organisasjonar bak, mellom anna KFUK-KFUM Global. Derfor var og ICY der (sjølv om mange av oss nok hadde vore der uansett). Og ingen kan sei seg i mot kravet frå dette fakkeltoget: Våpenkvile no, og støtte til alle offer i konflikta. Ingen taking av sider, ingen slagord mot nokon, berre ein roleg gange og eit ettertenksomt følgje menneske som har lyst å endra verda, til det betre.
I kveld kom ein kanskje, kanskje eitt steg vidare ei våpenkvile, med forslag til FNresolusjon - men eg har mine tvil. USA er lite samarbeidsvillige, det same er Israel (sjølvsagt) og Hamas. Men som ICY snakka om - viss me ikkje kan håpar og tru lenger, kva kan me då gjera?
Så me fortset å tru og håpa, både på vit i FN, ro i Noreg og ikkje minst, ei gong i forhåpentlegvis ikkje så fjern framtid, fred i det/dei heilage landet/a. For det er og viktig at etter at røyken har lagt seg over både Oslo og forhåpentlegvis Gaza, etter at Israel har trukke seg ut eller "gjen"okkupert området - då må ein ikkje gløyma Palestina att. Ein må ikkje gløyma Vestbredden og Gaza, flyktningane og dei som har prøvd å leva normale liv innesperra i 40 år. Eit roleg fakkeltog gjennom gatene i Bergen - det kan me spandera på oss fleire gonger.

1 kommentar: