Eg er attende på Klones vgs på Vågå. Her er det radiatorar som går av og på etter forgodtbefinnande, enorme mengder kjøtpålegg, ein halvmeter (minst) med snø, dobbeltrom, tradisjonell norsk mat til alle måltid, eit tekjøken utan koppar og elles alt slik det skal vera på eit internat. I tillegg er me åtte gira (og allereie utslitne) dansestudentar, og eit par-tre enno meir gira lærarar. Det er stas!
I dag har me lært om dansestil i Nord-Gudbrandsdalen, me har diskutert folkeleg dans vs. folkedans (nei, eg er ikkje klokare), og dansa springleik. Og litt til springleik. Og enno meir springleik. Og nei, eg klarar det ikkje. Me lurer litt på om læraren var so skeptisk som han virka når han sa "Har de fleire samlingar før eksamen? Nei vel... Og den er i april? Allereie i mars?! Jaja..." Men det kjem vel, det er jo berre dag 2 av denne veka på Vågå. Aha-opplevingane ventar nok rundt neste sving (rundsnu).
(bilete: frå turen over Strynefjellet i går. Det var nydeleg!)
Eg og vil dansa!
SvarSlettHåpa du kosa deg pao kurs (høyrest egentle slek ut, sjøl om da e litt sletsomt:))!
SvarSlettHøyrest morro ut! Nesten som å vere på leir :)
SvarSlett