onsdag 14. januar 2009

Januardiktet

Dette er eit dikt til æra for den gong litteraturen hadde modernistiske trekk og norsk var norsk og ikkje ei rekonstruert blanding av norsk og islandsk frå kring år 1250 (altså førre semester) (ja, eg har hatt fyrste førelesing i norrønt):

Piggtrådvinter
- - Ho.
Da vi giftet oss da var det kaldt, da.
Minst femogtjue harde,
solvervsdag, nittenførr,
krig og kvegpest.
Veien til kjerka var stengt med piggtråd.
Husker vi klatret over skigarden til presten.
-Hei, kjolen din henger fast.
-Nei ikke der men der.
Vi tråtte plogfurer over is-klaka
potetåker opp til presten i serk
som sto klar med skriften.
-Jag efter kjærligheten, sa´n. Ja, sa vi.
Men du verden hvor møkkete vi var på beina.
Da vi hadde lagt oss om kvelden
grein vi en skvett, begge to. Gud
vet hvorfor.
Og så begynte det lange livet.
Rolf Jacobsen

Det er sjølvsagt mange andre grunnar til at eg likar dette diktet enn at det minner om førre semester, eigentleg burde det vel heller vera til tross for nett det. Det skildrar ein skikkeleg kald dag, nesten eit kaldt tilvære. Men på same tid er det varme i det, det er fullt av humor, og eit godt døme på eit dikt som set i gang noko - og så begynte det lange livet. Kanskje eit liv som vart fullt av piggtrådvintrar, men sikkert med milde vårar, varme somrar og modne haustar innimellom.

2 kommentarer:

  1. Sterke varme ord. Eg likar det.

    SvarSlett
  2. Eg tenkte på det her ein dag: Lyst å komme på te- og diktkveld ein dag? Eg trur loftsrommet mitt hadde gjort seg til det formålet.

    SvarSlett