tysdag 6. januar 2009

Juleferie, og godt år!

Det er ein trend å sei godt nytt år på bloggen ser det ut til, so då gjer eg det og: Godt år, alle saman! Men eg skriv ikkje noko om nokre nyttårsforsett, for slikt driv eg ikkje med. Dessutan har eg sikkert allereie brote dei...

Men det eg har tenkt å sei noko om, denne siste dagen/natta (kva skjedde med døgnrytmen min?) eg er heime i Lærdal, er juleferien. Dvs, eg let bileta tala (nesten) for seg (eg er jo eit menneske av mange ord...):
Julafta i Sande, ei tradisjonell sodann. Me åt for mykje, og storkoste oss saman. Karane kapra dei beste liggeplassane etter middag, men vart snart tvinga opp att for å gå rundt juletreet, der me kraksa fram nokre få songar før mamma måtte gje opp og gåveopninga kom i gang.Gro Agnethe med Johannes, Monica, Frida, Hilde Oddny og Eiren (altså ca to tredelar av Gjengen) var på besøk i Lærdal fjerdedag. Middag og skravling sto på programmet, og sjølvsagt stal Johannes mykje av showet. Når dei fleste forlot oss utpå kvelden, såg Eiren og eg Mamma Mia, før me for på Borgundspuben.
Nyårshelgi var me, som alltid, i Skjerdal med so godt som heile familien (mangla Eirik og Sigrid syskenbarn av dei vanlege, so me var "berre" 20 til middag). Der kraksa me ikkje lenger, men song so det ljoma både til middag (eitt vers av Fager er jordi var ikkje nok) og rundt juletreet. Men etter "Tomtegubbe, ta i ring" var me utsletne...Og juli har sjølvsagt bode på mange høve til å spela spel. Her er eit par av hittane, Backgammon (eller samisk: bak gammen) og Alias. Desse vart spelt både julafta, fyrstedag og nyårshelgi. I tillegg var det Scrabble, Fantasi og Skip Bo i Skjerdal, og Uno og Store norske på den årlege spelekvelden på Bø. Her er det Olve og Stina som var engasjert i eit heftig slag, dei hadde ikkje ein gong tid til kaffi...

Som de skjønnar, eg har hatt ein fin og (særs) avslappa ferie. Men i morgon er det attende til Bergen og kvardagen, sjølv om eg reknar med at eg har eit flott semester og fint år å sjå fram mot. Det håpar eg de og får!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar