søndag 16. november 2008

Oppsummering?

Eg burde vel prøva å sei kva eg har drive med den siste veka, men det er ikkje lett. Eg prøver likavel:

- køyrt Strynefjellet to gonger - bort i vind og på bare vegar, attende i snøver og sterke ynskje om å møta/bli forbikøyrt av ein brøytebil
- ete skikkeleg innlandsmat, kjøt til alle måltid, og enorme mengder kjøtpålegg...
- stått. Rett opp og ned, bokstaveleg tala. Folk står nemleg ikkje rett opp og ned til vanleg, om de trudde det
- gått. Saman med folk, åleine, i blinde, sjåande, med retning, utan retning, med store steg, med små steg, i totakt, tretakt og utakt (med og utan vilje)
- dansa, men ikkje so mykje som ein skulle tru
- ete sjokoladepudding. Medan ein del leitte fram opningstidene til polet, var det andre som fann ut at dessert var tingen
- lært Vågå-dialekt. "Døm som let mest åt dans va døm so kunne gode danseleike" (og her er det "å låte" og "ein leik" som er det sentrale)
- sove middag kvar dag. For hjelpes kor utsliten ein vert i hovudet av å gå og stå.
- fått nye vener. Me er ikkje mange, men me er gode!
- fått alt for mykje å tenkja på. Å ta oppvasken, pussa tennene, gå til bussen eller høyra musikk er no grav alvorleg arbeid, dansemessig. Leiken (i meininga "ha det moro", ikkje "musikkstykkje") skal me visstnok få att i januar
- feirt tante Tone sine førti år med diverse familie og vener i Sogndal
- komme meg til Bergen att
- gått lei av Bergen att. Eg vil på tur!

(bilete: Camilla og Sigrid på Klones. Førelesingsnotatar, med illustrasjon av framdrift, og mindre/ingen framdrift)

4 kommentarer:

  1. huff så raskt du blei lei Bergen då. Ka skla vi gjøre med det, tro?

    SvarSlett
  2. Eg kjem nok over det. Eg er jo eigentleg glad i Bergen, men nett no byrjar eksamenspanikken å nærma seg, på same tid som eg er litt for lat. Hadde vore best å berre rømt ei veke til :-)

    SvarSlett
  3. EG ha grunn te å sei at eg e lei byen eg bur i, ikkje du!

    SvarSlett
  4. Eg har budd her i tre år, kanskje eg kan få lov snart...? Neida, i kveld har det gått over, no likar eg Bergen :-)

    SvarSlett