Eg burde vel prøva å sei kva eg har drive med den siste veka, men det er ikkje lett. Eg prøver likavel:
- køyrt Strynefjellet to gonger - bort i vind og på bare vegar, attende i snøver og sterke ynskje om å møta/bli forbikøyrt av ein brøytebil
- ete skikkeleg innlandsmat, kjøt til alle måltid, og enorme mengder kjøtpålegg...
- stått. Rett opp og ned, bokstaveleg tala. Folk står nemleg ikkje rett opp og ned til vanleg, om de trudde det
- gått. Saman med folk, åleine, i blinde, sjåande, med retning, utan retning, med store steg, med små steg, i totakt, tretakt og utakt (med og utan vilje)
- dansa, men ikkje so mykje som ein skulle tru
- ete sjokoladepudding. Medan ein del leitte fram opningstidene til polet, var det andre som fann ut at dessert var tingen
- lært Vågå-dialekt. "Døm som let mest åt dans va døm so kunne gode danseleike" (og her er det "å låte" og "ein leik" som er det sentrale)
- sove middag kvar dag. For hjelpes kor utsliten ein vert i hovudet av å gå og stå.
- fått nye vener. Me er ikkje mange, men me er gode!
- fått alt for mykje å tenkja på. Å ta oppvasken, pussa tennene, gå til bussen eller høyra musikk er no grav alvorleg arbeid, dansemessig. Leiken (i meininga "ha det moro", ikkje "musikkstykkje") skal me visstnok få att i januar
- feirt tante Tone sine førti år med diverse familie og vener i Sogndal
- komme meg til Bergen att
- gått lei av Bergen att. Eg vil på tur!
(bilete: Camilla og Sigrid på Klones. Førelesingsnotatar, med illustrasjon av framdrift, og mindre/ingen framdrift)
Med fokus på kriser
for 15 timer siden
huff så raskt du blei lei Bergen då. Ka skla vi gjøre med det, tro?
SvarSlettEg kjem nok over det. Eg er jo eigentleg glad i Bergen, men nett no byrjar eksamenspanikken å nærma seg, på same tid som eg er litt for lat. Hadde vore best å berre rømt ei veke til :-)
SvarSlettEG ha grunn te å sei at eg e lei byen eg bur i, ikkje du!
SvarSlettEg har budd her i tre år, kanskje eg kan få lov snart...? Neida, i kveld har det gått over, no likar eg Bergen :-)
SvarSlett