søndag 9. november 2008

Om traktor, fotball og dans

Mm, flott blanding! Men det er fordi eg har hatt ei svært variert helg:

Reiste heim fredag, det var grueleg godt! Hadde ein fin og roleg kveld med Olve, Eirik hadde kjøpt pizza til oss og me såg film(ar) til langt på natt. Laurdag var det seint opp, ein lang morgon i heimen og, jepp, traktor. Me har fått ny. John Deer, av alle ting (me har aldri hatt noko so fancy før. Ok, me har Ferrari og, men den er so liten...) So den måtte jo prøvast. Tone tante var litt sjokkert over køyring utan ærend – men det er jo naudsynt på bli kjent med det nye, sant?

So for eg til Sogndal, til nemnte tante og familie. Det vart film på oss om kvelden, me og ca 10 andre såg Mamma Mia i sing along-versjon. Litt sært, men og svært moro. Må innrømma at ”Don’t go wasting your emo-o-tion” har gått litt om att i hovudet på meg i dag.

I tillegg var det jo kamp i Sogndal i går. Kvalik-kamp til Tippeligaen. Det vert nok eit år til i fyrstedivisjon for sogningane, og dessverre må eg sei at det er fortent. Og det er ikkje berre pga sjølvmålet... Men det mest sjokkerande med kampen var ikkje spelet (for det er jo vekslande, det veit ein). Derimot var det Ålesund sin Kjetil Rekdal etter kampen. Ingenting om ”godt jobba, dette fortener me, 1-4 er eit fantastisk resultat” eller noko slikt. Neida: ”Dette er det dårlegaste publikumet i landet!” Fordi han hadde fått eit pappbeger i ryggen. Ok, det er ikkje snilt, men det var faktisk 2500 andre Sogndal-supporterar der og!

Men i dag har eg altså forlete Sogndal, og må komma over dette (og det skal eg klara, han er vel ikkje nett kjend for å vera sympatisk...?) Eg er på Vågå. Jepp, Vågå! Kva eg gjer her? Studerar. Jepp, studerar! (Oi, mange ”jepp” her...) Norsk folkeleg dans, og det skal eg gjera (nesten) ei veke til endes. Spanande – og travelt. Etter berre tre timars økt i kveld måtte dei fyrste legga seg i ni-tida. Kan bli hardt med nitimarsdagar etterkvart (i morgon...) Men me lærer ekstremt mykje, og det er ei oppleving eg ikkje ville vore utan. Og so spørst det om eg seier det same i morgon, på fredag eller ikkje minst måndag, når eg skal attende til det ”verkelege” livet og levera semesteroppgåver på UiB.

Det er forresten attende til internatlivet og. Me bur på Klones, ein jordbruksskule. Her er det dobbelrom, høgt under taket og fellesrom utan so mykje bestikk o.l. Høyrest det kjent ut for ein del? Eg trivst i alle fall so langt. Ein av medstudentane mine sa det og so fint: ”Eg ser litt på dette som ein retreat eg! Me har jo ikkje noko anna å ta oss til...” Og det har ho jo rett i. Me tek det som ein ferie. Ein hard ferie, men likevel. So kan kvardagen komma om ei vekes tid.

(bilete: i mangel på bilete av meg i ny traktor --> meg i gamal traktor. Mamma Mia!)

1 kommentar: