søndag 30. november 2008

1 kyrkje, 1 døgn, 50 ungar

Nei, det er ikkje eit nytt reality-konsept, men det kunne nesten vore det...

Folk har spurt meg om "Kvifor gjer du dette?" (og meir direkte: "er du gal?") Men nei, eg er ikkje gal, og eg er svært glad for at eg gjer dette. Denne helgi har det vore Lys Vaken i heile landet, ei natt i kyrkja for 10/11 åringar. I Lærdal gjorde me det hakket større, og inviterte dei tre øverste klassane på barneskulen. Og halvparten kom, noko som var over all forventing (og planlegging...) Me slo det og saman med lysmesse og påfølgjande fakkeltog til julegateopning, og dermed sikra me oss ei stappfull Hauge kyrkje i eit knapt døgn (laurdag 17.30-søndag16.50).

Ungane er fantastiske! Dei var mange, men det merkast eigentleg ikkje på anna enn høgt støynivå. Dei la seg greitt nok, sjølv om dei aldri vart stille, og dei sat stille og oppslukte både titt og ofte. Og det er moro når ein kan invitera heile årskull til slike positive opplevingar i kyrkja. Og at ein får slike positive opplevingar sjølv!

Eg har funne ut at det er litt forskjel på 10-12-åringar og tenåringar: dei fyrste stiller spørsmål ved alt (det er ein fantastisk alder!), men når dei får vetigt svar godtek dei det. Dei synes And og gås (leiken Duck and Goose frå Irland) er fantastisk, medan Sheriff kan bli i tøffaste laget. Dei vil vera vakne heile natta, ikkje fordi dei har ein plan, men berre for å vera vakne. Og dei vaknar ein time før dei må - det ville aldri skjedd på ein tenåringsleir...

Eg er glad for at eg fekk vera med denne helgi, sjølv om det ikkje nett kan kallast avslapping. Og so er eg glad for at nesten 300 kyrkjegåarar fekk oppleva ungane "mine" og sjå kor flotte dei, og det arbeidet kyrkja gjer, er.

Vi tenner våre lykter når det mørkner,
kanskje lyser de til kvelden si'r god natt.

(bilete: Hauge kyrkje, foto: NRK)

EDIT: Artikkel om overnattinga kan lesast på Porten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar