tysdag 23. oktober 2007

Ungdommen no til dags

Magnhild (http://magnhild.genipabu.no/) er irritert i dag, fordi dei eldre ho møter på bussen er so uhøflege. Eg kjenner meg godt att, mange eldre er sjølvsagt svært koslege, men nokre er det ikkje - nett som med unge folk. Kvifor er det då alltid ungdommen som skal setjast i bås og kritiserast?

Den uengasjerte ungdommen
Ein vanleg torsdag i regntunge Bergen står ni ungdommar kledd i baderingar og fargerike klede på Torgallmenningen. I hendene held dei bøsser, på standen i bakgrunnen står flasker fulle av skite vatn og skilt med bilete av born utan ferskvatn, mat eller husvære. Dei samlar inn pengar til flomoffer i Bangladesh, og spør oppfordrande dei passerande: ”Har du ei krone for mykje?” ”Vil du hjelpa flomofra i Bangladesh?” ”Excuse me, do you have a minute?” (for dei er ikkje alle norske). Dei er i slutten av tenåra og byrjinga av tjueåra, dei har jobba med kampanjen i tre veker – og dei høyrer til dei ”uengasjerte.”
I ein liten kommune på Vestlandet står striden i valkampen om barnehageplassar og eldreomsorg. Ungdomane kjem i brakgrunnen. Dei er ikkje interessert i barnehagen – dei skal ikkje ha born på minst ti år. Dei er ikkje interesserte i eldreomsorga – dei skal ikkje ha foreldra sine innan systemet på minst tjue år. Dei er i slutten av tenåra og byrjinga av tjueåra, livet ligg framfor dei – og dei vert stempla som ”uengasjerte.”
Men å bruka ”den uengasjerte ungdommen” som eit felles uttrykk om dei unge vaksne, nyttar ikkje. ”Den uengasjerte ungdommen” finst knappast, og dersom han finst, er det fordi han ikkje engasjerar seg i det dei eldre vaksne forventar.

Attende til Torgallmenningen, Bergen, ein torsdag i september: Ni (uengasjerte?) ungdommar har stått kvar for seg i ein time. Bøssene i hendene har byrja å skrangla. Dei samlast om vassflaskene og bileta og diskuterar dei forbipasserande. Dei vaksne forbipasserande. I løpet av denne timen har om lag tjue personar stoppa opp hjå guten med baderingen, tre av dei var over trettifem år. Ingen av desse tre var kvinner. Det same gjeld for jenta i den oransje sjalet, sett vekk frå den eine kvinna som gav henne kompliment for sjalet, men ikkje la pengar på bøssa. Alle kan slå fast det same: Den uengasjerte ungdommen finst ikkje på Torgallmenningen, derimot er den full av nysgjerrig ungdom som gjerne gir av tid og pengar, som vil høyra om klimaendringar og humanitære krisar, og gjera noko med det. Men den uengasjerte vaksne finst der i stor grad – og den uengasjerte vaksne må ta tak i seg sjølv før det er for seint, og han har lagt all skuld på den engasjerte ungdommen.

(dette var byrjing og avslutning på ei av oppgåvene eg skreiv i Praktinf i haust)

2 kommentarer:

  1. Bra innlegg Mari. Likte oppgåva di. Det var bra skrevet.

    SvarSlett
  2. Takk takk.
    Har ikkje fått kommentar på den enno, men det var djuptfølt...

    SvarSlett