tysdag 30. november 2010

Livet, døden og kjærleiken - hurra!

Etter ei noko deprimerande, men akk so inspirerande, veke når me fann fram til dei tristaste songane i verda, er me i gang med det som skulle verta ei lett og oppmuntrande veke – verdas gladaste songar. Om trist er subjektivt, er i alle fall glad det! Og ikkje klarar eg å ta denne konkurransen like seriøst – er det eit teikn eg bør ta alvorleg?

Eg har i alle fall enda med ei liste som seier noko om dei store spørsmåla i livet, denne gong og. Eg trur kanskje eg kunne teke alle songane frå Nordstoga-brørne, men har klart å halda meg unna. I staden enda eg med desse:

1. Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør (trad., Aasmund Nordstoga)
Døden. Om livet er ein fest, kvifor skal døden vera noko anna? Aasmund Nordstoga er den kjekkaste mjølkebonden på over førti frå Vinje me veit om, og so kan han attpåtil synga. Og det godt. Hans ”Kalle Petterson och Josefina” var ein sterk utfordrar til songen under – ingen bråkar när jag kommer, ingen grälar när jag går. Jag er ogift, vara lovat, här jag står!, men det måtte bli denne skal ein berre ha ein frå karen. Drikking, venskap, kvinnfolk, humor og ein som har sett spor etter seg – å bli vel motteken både hjå St. Peter og hinmannen kan vel ikkje vera det verste?

2. Giftasvisan (trad., her med Lyy)
Kjærleiken. Romantikaren i meg er kanskje, av og til/ofte, ueinig, men jammen meg er det godt å sleppa kynikaren til:
Tar man riker, blir man gärig, tar man fattig, felar mat
Tar man gammal, blir man knarrig, och tar man ung, så får man barn.  

3. Ta livet som det faller seg (Jungelboken)
Livet. Den skal vera på norsk. Det skal helst vera med film, eller i det minste rørsler. Den er optimisme og barndom. Finst det gladare bjørn enn Baloo?

4. Tiedemanns kafe (Postgirobygget)
Og so kjem romantikaren i meg farande inn frå sidelinja. Kjærleik på slutten av livet, litt melankolsk, men akk so fint. Og slikt vert ein glad av.

5. Yes (Merry Clayton)
Kjærleik. Punktum. Eller kanskje ikkje. Kanskje berre byrjinga - sjølv om det er rulletekstmelodien til Dirty Dancing. Romantikaren i meg kan ikkje stilnast...

1 kommentar:

  1. Den fyrste på lista di er berre vanvittig kul - får meg til å smile og le ;))) og det er ikkje verst for ein sang ;)
    adventsklem Ingrid

    SvarSlett