torsdag 25. november 2010

Sko

Iris Murdoch
Er det her dei endar opp, dei utgåtte, forbigåtte, gløymte, einsame? Dei som har levd livet i tosomheit, heng dei der no åleine? Nei, 
dei deler veggen med artsfeller, med maken, med forbipasserande. Fotgjengarar. Utslitne, men aldri uelska. Inspirasjon for dansande på veg heim ein laurdag kveld. Oppmuntring for vandrande gjennom byen ein søndag morgon.

1 kommentar:

  1. Eg gjekk forbi den veggen i går! Artig!
    Og så skriv du framleis veldig fint.

    SvarSlett