onsdag 22. oktober 2008

Les Miserables

Sjå ned, sjå ned, du er for alltid trell
Sjå ned sjå ned, du slavar til du fell

I kveld gjorde eg noko eg har gledd meg til i over eit år. For over eit år sidan les eg ei notis i BT, nede i eit hjørne med eit intervju av teatersjefen på Den Nationale Scene - dei skulle setja opp Les Miserables. Eg bestemde meg der og då - dette skulle eg få med meg!
Konge på eit kro
grisekokken her
glad når nokon ikkje veit kva pengar er
Sper opp all slags vin
fiksar vekt og mål
Loppar dei som duppar etter fjerde skål

Og i kveld var altså kvelden. Eg stilte opp på Cafe Opera for å treffa følgjet mitt for kvelden, nemleg tre gutar. Kosleg det, særleg at Erling var ein av dei. Og so gjekk me vidare til DNS, for å oppleva den beste musikalen som finst (og ikkje prøv å sei meg i mot!)
Kan du høyra folkets song?
Det er ein song av arge menn!
Det er musikk frå alle dei som aldri vil ha slavekår igjen
Når eit hjarte bankar sterkt,
saman med skarpe trommeslag

Er det eit tekn på vi byrjar vår nye dag

Me hadde dei dårlegaste plassane på heile DNS - ingen overdriving. Dei fire fremste seta på høgre side av øverste balkong, så nær stjernene - i taket - ein kan komma. Men eg gløymde det fort i forventinga, og sidan i innlevinga.

Ein hug full av elsk
Ein hug full av song

Det går visst gale fyrste gong
Å gud, så leit
eg fekk 'kje spurt om kva du heit
Å mademoiselle, sei det no

DNS har fått tak i flotte skodespelarar, som alle kan synga, og som alle gjer ein fantastisk innsats gjennom tre timar. Eg visste at eg kom til å bli forelska i Marius, det vert eg alltid (til tross for at han er ei pingle, gjekk det opp for meg i kveld), men her er det potensiale for fleire...

Berre eg, eg let som om han vinn meg
Berre eg, eg kjenner armar kring meg

Åleine, eg går med han til dagning

og om eg går meg vill eg let att augo
og han finn meg

Kor mange gonger eg gret? Mange, tru meg... På Raudt og svart (ABC Cafe/Red and black), på Ein dag til (One day more) - og dermed vidare inn i pausen, frå Berre eg (On my Own) og fire songar framover, og heile Epilogen...

Fader Gud, høyr mi bøn
Høyr meg no, du har vore so god
Han er ung, gjev han ro
Han er redd, gjev han mot
Ta han heim

Eg har lyst attende! Vurderte ein augneblink å gøyma meg under stolane og bli der til i morgon, men fann ut at det vart litt vel ekstremt (men berre litt...) Sjølvsagt, det er ikkje like godt som (det eg hugsar frå) London. Sjølvsagt, det er ikkje absolutt alle som er musikalartistar. Og sjølvsagt, mine forventningar var skyhøge. Men eg er nøgd. Svært nøgd. Rett og slett imponert. Ei so stor oppsetjing, det skal DNS og Bergen vera stolte av! Og so må eg berre beklaga at eg ikkje kan avslutta dette innlegget med "dette må alle sjå", for det er ikkje mogleg å få tak i billettar...

Me vil leva som i paradis
i fred med alle her
Dei vil pløya eigne marker

dei vil kasta kvart gevær
Ei lenkje er broten og alle får dela vår verd

Blir du med i folkets kor?
Blir du med dei som syng og slåss?
Bakom dei høge fjella ligg det lova land for alle oss
Kan du høyra folket syng,
høyrer du tore frå eit slag?
Det er eit teikn på at me får ein morgondag!

2 kommentarer:

  1. Hei! Dumpa innom bloggen din i forsøk på å finne dei norske tekstane til Les Misérables. Var på teateret og såg forestillinga på tirsdag og blei heilt fengsla! Eg vil også tilbake!!! Me hadde heller ikkje særlig gode plassar, lengst bak på venstre balkong, heilt inne i hjørnet, så det var både vanseklig å sjå og høyre. Nå leitar eg altså etter tekstane (dei norske). Ser du har utdrag av dei her på bloggen din. Kanskje du kan hjelpe meg?

    Mvh Mona :)

    SvarSlett
  2. Eg må innrømma at eg har "stole" tekstane frå YouTube. Søkte etter Les Miserables og Noreg og der ligg det ute mange utdrag frå førestillingar i Noreg. Eg har nytta materiale frå Haugesund i fjor (?), og berre skrive det eg høyrde.
    Eg vil attende ein gong til eg! HAr sett det to gonger no, men det er so vilt bra. Sjølvsagt er det ting som kunne vore anleis, men det ignorerar me glatt :-)

    SvarSlett