tysdag 21. oktober 2008

Den andre mannen

Som de skjønnar av tidlegare innlegg les eg Erlend Loe i dag. Men ein an forfattar er og med på å gjera meg tankefull i dag, nemleg den alltid tilstadeverande Olav H. Hauge. Eg var på kino i dag, den siste filmen eg får med meg på årets BIFF vart Olav H. Hauge - Den andre mannen av Vigdis Nielsen. Som tittelen seier, fokuserar Nielsen i filmen på "den andre" Hauge, på den galne mannen, på sjukdommen. Men heile livet hans er med, og den fantastiske kjærleikshistoria som alltid får meg til å snufsa litt gir eit langt og innovervendt liv ein lukkeleg slutt.

Nielsen har fått kritikk for at ho fokuserar for mykje på sjukdommen, galskapen, til Hauge. Men hallo folkens, sjekk tittelen då! Det er jo det ho vil, fortelja om han som Hauge sjølv omtalte som "hin mannen", han som kom fram i galskapen, han som levde på sida av det som var verkeleg. Og det var det Hauge gjorde sjølv, levde i ei blanding av røynd, fantasi og poesi. Sjølv om det er ei tung livssoge, trur eg ikkje han hadde vore den same mannen utan, og ikkje den same poeten.

Filmen er forresten vakker i seg sjølv, med fine bilete, god bruk av både skodespelarar og arkivmateriale og flott musikk. All narrasjon, som ikkje er formidla gjennom intervju av folk som kjende han, er utdrag frå dagboka. Dikta til Hauge er sjølvsagt med, og det er ei blanding av humør og alvor i filmen. Eg hadde av og til kjensle av at den fullsette salen kjende mannen på ein eller anna måte. Ei gjenkjennande humring gjekk ofte gjennom salen, medan det på dei mest opprivande tidspunkta i livet hans var ei nikking som gjekk att, og medkjensle som prega stemninga. Nokre dikt fekk smilet fram, andre sukk. Uansett trur eg Olav H. kunne kjent seg mellom vener i den kinosalen, sjølv om han til å byrja med var skeptisk til fjernsynet, og ikkje likte å bli filma.

Apropos fjernsyn: NRK kjem til å senda Hauge-filmen i løpet av hausten. Verdt å få med seg, dersom de ikkje har skjønt det enno...

1 kommentar:

  1. Eg skjønner at eg skulle hatt TV. Kanskje eg kan komme bort den aktuelle kvelden. Eg regner liksom med du kommer til å se den når den blir sendt på TV. Det er forresten et fantastisk lys over huset ditt i kveld!

    SvarSlett