
Dagen i dag byrja med kollokvie klokka åtte, og vidare med tre timar oppgåveskriving. So var det førelesing (tysdagane er dei dagane i veka eg faktisk gjer noko...), men so var det heim, og fri resten av ettermiddagen!
Eg inviterte gode vener til middag på Egon, og i tre timar sat me og skravla og åt (for mykje). Monica fekk tak i ballongar, oppblesne sodanne, og Ingrid stal ein uoppblesen som eg kan spara til seinare. Eg er glad for begge gestar, at eg har bittelitt (ok, stor) ballongskrekk ser me glatt vekk frå, og nyt synet av ballongbuketten som no heng i taket i gangen (og som Monica sjarmerte heile 6ar-bussen med). Av Magnhild fekk eg eit bilete eg har sikla over i lenger tid, nemleg dette. Og det til tross for at eg eksplisitt ynskte meg selskap, og ingenting anna.
Gebursdagen har vore flott, sjølv om det ikkje kjennest anleis å vera 23 enn 22 (overrasking? Nei, trur ikkje det). Og eg har fått so mange koslege helsingar!
E e jild i dikka adle sammen!
(bilete: Monica med ballongane)
Men gikk ikkje Monica? Ho rakk jo bussen... No forstår eg ingenting.
SvarSlettHo rakk ikkje bussen, for ho hadde mista nøklane sine inne på Egon...
SvarSlett