TenSing-rørsla er 40 år i år (41 år sidan Bergen TenSing starta, men me ser stort på det), og det er duka for feiring i Bergen i helgi. Eg får ikkje med meg meir enn kvelden i kveld, for eg fann ut at kulturinntrykka må fordelast og fer derfor på kappleik på Voss i morgon. Men i kveld var det altså TenSing som var i høgsetet.
Og det var godt - godt å sitja i ei full kyrkje og synga høgt på songar ein kan ut og inn etter ein del år i organisasjonen, høyra meir eller mindre god lyd frå scena, og sjå kring seg på gamle og unge ein har møtt gjennom åra. Her var tidlegare eittåringar, leiarar, deltakarar, tilsette, gode vener, kjente, folk ein veit kven er, har sett, og heilt nye fjes. Og felles var ei begeistring for TenSing, med alt det inneber av suksessar og nedturar.Eg trengte ei påminning på kvifor ein driv med dette. I det siste har det blitt mykje fokus på det negative i organisasjonen - det som går trått, det som ikkje funkar, det som er arbeid og ork. Og då lurer eg litt på kvifor eg giddar. Ja, organisasjonen har gitt meg mykje, men har eg ikkje gitt nok attende snart? Er det ikkje nok med svette og tårer, må det bli blod og? Men so sit eg attmed gode TSN-vener, med eit syskenbarn på scena og LiV-gutar på rekka framfor. Og so veit eg at dette er grunnen: dei nære venskapa og dei store opplevingane. Eller dei små opplevingane.
Felles for dei er den gode kjensla - ein god klem, ei opptreden som går bra, eller som går dårleg, ein samtale uto
(bilete: TSN 04/05 på Hamarøy, januar 2005.
KrinsKrams på European TenSing Festival i Århus, august 2006)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar