torsdag 30. oktober 2008

Kvalitetar i ein mann

Eg åtvara om at det kom til å komma fleire lister her, og det gjer det sjølvsagt. Denne har sitt utspring i samtalar med bebuarane i huset, som alle har sine meir eller mindre utfyllande lister over kva dei er på utkikk etter. Dette er mi liste over kvalitetar i ein framtidig mann:

- må kunne dansa, eventuelt vera villig til å læra (fort)
- vera god på høgtlesing
- syng i selskap med andre (men ikkje nødvendigvis ekstremt godt)
- må gjerne ha bunad
- musikalitet inga hindring...
- vera klar over at forslag om å slå seg ned på Dale (eller tilsvarande stader) er grunn til å avbryta eit forhold
- godta min fascinasjon for dårlege romantiske komediar, musikalar og dansefilmar
- klara seg utan meg når eg driv med mitt
- men stilla opp når eg vil ha han der (ok, eg er inkonsekvent i høve likestillinga i dette forholdet, men det er mi liste!)
- laga mat (og gjerne andre ting enn det eg kan)
- takla mine tidlege kveldar og seine morgonar
- ikkje vera pratsom om morgonen (i alle fall ikkje forventa svar)
- må kunne stilla opp som leiar for ungar og ungdom og visa seg som ein kul fyr
- lika å spela spel, særleg dei eg likar å spela
- og då gjerne tapa, men ikkje med stor margin (kanskje ikkje ein gong heile tid). Konkurranse er alltid bra.
- intelligent, men ikkje påståeleg eller besserwisser. Det vil eg ha monopol på
- takla å møta foreldra, brødrene, tantene, onklane og syskenbarna - samla
- ha arbeidshender
- og sterke skuldre
- og fint smil
- og alt det der
- stilla som bøttebærar på Øystølen
- vera nøgd med å vera inne ein laurdagskveld
- eller vera med ut på pub eller for å dansa (sjå pkt 1)
- kunne ordna det eg ikkje kan ordna, som oppvaksmaskin, bil og slikt
- kunne pussa opp sitt eige hus (aller helst bygga det, men ein stad går kanskje grensa?)
- sjå sjarmen i studenttilveret
- komma med saft og gulrot til meg når eg er sjuk
- utdanna, enten yrke eller akademia
- lika hundar
- høgare enn meg
- mørk
- eller lys (dette skiftar med dagsformen)
- kristen(-ish) - nok til at eventuelle ungar vert døypte med ei meining bak
- let seg opprøra over urettferd
- let seg fascinera av folk og fe
- men kan ha ein humoristisk distanse til same folk og fe
- skjøna kvifor ordelingsfeil er nettopp feil
- og forstå at denne lista på ingen måte er utfyllande...

5 kommentarer:

  1. Gleda meg te å møta han!

    SvarSlett
  2. E helle ingen uting om han spela nåke instrument, gjerne gitar..men eg ska ikkje vera vanskele!

    SvarSlett
  3. Det stemme. Tala absolutt ikkje i mot det.
    Jepp, kan knapt venta eg og... Men som eg og Monica snakka om - det kan henda ein modererar litt etter kven ein treff. Men nokre ting, som å nekta å flytta til Dale, det forsvinn aldri!

    SvarSlett
  4. hei min kjære,
    det er vel en lang list.
    Eg pleide også til å ha en sant list, men så fant eg en gutt, som passet til de meste poeng, han var mer eller mindre min drømmemann, men det viktigste hadde han desverre ikke. Han elskete ikke meg. Nå tror eg at dette er det viktigste av alt, men hvis han gjør meg glad i tilleg så er han min mann!

    SvarSlett
  5. Har det ikkje gått so bra i det siste?

    SvarSlett