fredag 3. oktober 2008

Endringar!

Eg skulle jo skriva oppgåve i dag. Og ja, eg har vore flink student minst halve dagen, so det har eg gjort. Og so sendte nabo Gro melding: "Gå Vindhella?" "Gi meg ein halvtime," sa eg, ferda oppgåve fort og gale, og so gjekk me Seltåsen (ein har vel lov å ombestemma seg?)

Etter middag skulle eg liksom lesa, men med ein gong eg sette meg i sengi (eg veit, fyrste tabbe...) kom andre ting i fokus. Ein rask tur innom bloggen vart mange timar med omskriving av HTML-kodinga og leik med biletredigeringsprogrammet GIMP, og so endte me her me er no. Eg er faktisk godt nøgd. Dersom nokon lurer på kor ideen kom frå kan eg tipsa om Tips for New Bloggers. Svært god side, med mellom anna informasjon om korleis skaffa seg tre kolonner og mykje anna snacks. Men eg trur eg skal gi meg her. Det er eit år (ganske akkurat) sidan eg oppretta bloggen, og no får det bli (minst) eit år til neste store endring, tenkjer eg. Men nokre små overraskingar kan vel komma innimellom...

(bilete: Stora Sokni sett frå Seltagalden)

6 kommentarer:

  1. Den ble jo kjempefin Mari :) *imponert* Gratulerer med nytt, fresht design :)

    SvarSlett
  2. Veldig kult...tror jeg også må gjøre noe lignende, har virkelig ikke vært fornøyd med layouten heller...knæsh:)

    SvarSlett
  3. Dette var fint, Mari. eg har lurt på det med tre kolonner. eg og vil ha det. Må visst bruke litt tid på slikt eg også. heh, eg husker plutselig at "ixoxo" bare skulle vere midlertidig tittel...

    SvarSlett
  4. Eg ser du akkurat her lest iskaldt bedrag. spennende, sant?
    Eg hørte den på lydbok sammen med Kristi då vi budde i Dokken. Var kjempegøy.

    SvarSlett
  5. Joda, spanande, men den greip meg ikkje. Vart for voldsom for min del - og problema er for fjerne frå oss. Men er nok ein stor forskjel å høyra det på lydbok, må leva seg meir inn då.

    SvarSlett
  6. Ja, enig i at den er ganske fjern. Vi lo mye av problemene i boka då vi hørte på, men han som leste var knallgod, så vi hadde ikkje store problemer med å leve oss inn.

    SvarSlett