fredag 13. mars 2009

Watchmen

Who´s watching the Watchmen? var spørsmålet.
Svaret: eg og Eiren.

Eg er i Trondheim for helgi, hjå Eiren (og på Dragvoll for å ha eksamen, men det er ei anna soge). Eiren bur ca eit halvt minutt frå Prinsen Kino, so det er derfor berre naturleg at me tok oss ein tur. Og det me tok oss ein tur for, var å sjå ein grueleg valdeleg film som testa alle grenser for kva ein superhelt er eller kan vera.

Watchmen kom ut som teikneserie på åttitalet, og det er 1985 som er året for dramaet i filmen og. Og for eit drama - det skal seiast at hovudhistorien kanskje er noko tynn, skulle den fyllt alle tre timane, men den er støtta opp av ei stor mengd tilbakeblikk, livshistoriar og "real"historiske minner. Men viktigast er diskusjonen om kva som er rett og kva som er galt, kva er det å leva i gråsonene, og kan målet helliga middelet? Ein skjønnar fort - ut frå persongalleriet - at dette vert mørkt, og det er lysare berre eit knapt sekund.

Persongalleriet, ja. Mykje moro der! Ein har då ein gjeng heltar, der berre ein har verkeleg superkrefter (ala Fantastic 4 har han fått dei i ei vitskapeleg ulukke). Dei andre er som Lynvingen "vanlege" folk, berre grueleg godt trente... Men desse heltane har fått sparken, og er alle desillusjonerte og slit med all slags problem. Den som kanskje minner mest om ein klassisk superhelt er Nite Owl II, som ser ut som Clark Kent i dagleglivet, Lynvingen i drakta og har moralen til dei begge. Det er på ein måte opp mot han dei andre vert stilt - men utan at det nødvendigvis er han som har løysinga.

Nei, rett og slett ein anleis superheltfim, og som ikkje er noko for sarte sjelar. Blodsprut, nakne mannfolk (ein blå sådan), meir blodsprut og enno meir blodsprut. Og spørsmål om noko er verkeleg rett og galt, når vert helten skurk - og finst det eigentleg nokon happy ending lenger?

3 kommentarer:

  1. Me må ta fleire kinotura (uten eksamen)

    SvarSlett
  2. Ja, det stemmer eg for og. Men no er det din tur å komma til Bergen :-) Burr jo litt lenger unna kinoen då, men det taklar du vel...

    SvarSlett