Ja, kva ord kjem med i "ord for veka"? I fyrste omgang ord frå Lærdal (eller andre dialektar som interesserar meg for augneblinken), ord eg brukar, vil bruka, eller berre vil dela med folk. Av og til kan det nok og snika seg inn særeigne nynorskord (og no er eg inspirert av huset sine "ord for veka" frå i fjor), eller til og med ein kombinasjon av fleire ord i same innlegget (less is more er ikkje eit ordspårk eg klarar å leva etter).Fyrste ord ut er (tada!): agaslaust
Dette er eit adverb eller adjektiv, som betyr noko slikt som "voldsom", "svært mykje". Kan brukast t.d slik: Han e no ein agaslaust kjekk kar, Det regna nåkke so agaslaust, Det e ein agaslaus austavind i dag
Eg kjem etterkvart med kjelder til påstandane mine om dei ulike orda og dialekttrekka, men nett no får det berre tru på meg (sjølv om nokon meinar eg diktar fritt når eg snakkar...)
(bilete: illustrasjonsbilete)
Gler meg allereie agaslaust til neste innlegg i serien.
SvarSlettGodt jobba! Janne, som eg studerar med, brukte ordet i ei setning i går, heilt naturleg. No er det berre eg som manglar. Men det kjem!
SvarSlett