søndag 29. mars 2009

Musikkopplevingar og seine kveldar

I går var det folkemusikkfest i Gimle. Då spelar nokre flinke folk fyrst, og so er det dans til dei same flinke folka etterpå. Medan eg sat der bakerst i storsalen og lytta til tre av dei absolutt flinkaste spelemennene i Norden (Trio Nor), slo det meg: So glad eg er for at eg er med i dette miljøet - tenk på alt eg hadde gått glipp av av musikkopplevingar om ikkje!

Eg har ikkje oppsøkt så mange folkemusikkonsertar, men dei har likevel komme ramlande ned over meg. Mellom anna opplevde eg Anders Bjernulf, som er ein av dei tre nemnde, både på Vågå i januar, på Kaffistuggu på Røros i februar, og no i Gimle i mars (og på nachspiel på Dyvekes i Hollendergaten - det er det som er so flott med dette miljøet, ein kjem nær idola sine). Mannen gir meg gåsehud, og i samspel med finnen Arto Järvelä og hardingen Knut Hamre vert det knapt betre. Den andre gruppa som spelte i går er litt anleis. Sver er fem unge gutar, med ekstremt mykje driv i musikken sin - noko som gjorde dansen til ein fest. Når det vart avslutta med Järvelä og Fliflet i finsk tango og vals, kunne kvelden fint vore metta.

Eg har jo fått mange gode musikkopplevingar andre gonger og, på festival, på konsert, på film eller på plate. Men det er ikkje so ofte eg kjenner håra på armane reisa seg, eller eg kan få lyst å gråta til ein danseslått. Det kan skje innan folkemusikken. I tillegg er mykje av denne musikken heldigvis tilgjengeleg på cd - noko som fort kan gå ut over budsjettet. Fredag skulle eg til dømes berre nett kjøpa Requiem av John Rutter (som me syng i Kor e tonen), men kom ut att med Ankomst av Gjermund Larsen Trio. Då den vart skrudd av ca eit døgn seinare (fordi eg skulle ned i Gimle), kom det eit forsiktig "Det var godt!" frå sambuarane mine, medan eg ikkje merka at tida gjekk. Slik kan musikken fanga, når ein fyrst er byrja å høyra på meir av det sjangeren kan by på.

Ja, det er jo fleire ting som kan skje innan folkemusikken, overskrifta nemner jo noko om seine kveldar... Eg trur me fort kan oppsummera det til tidlege morgonar, for det er vel det helgene i det siste har vore. Førre helg var det jo gebursdag på Havrå, denne helgi var eg i seng halv sju (sommartid, men likevel). For etter at musikarane og deira følgjarar vart kasta ut av Dyvekes (på grunn av stenging, ikkje felene - sjølv om det ei stund var fare for det og), gjekk ein del av oss på etterfest i Sandviken - og fekk servert torettars middag i femtida. Det er ikkje kvardagskost for studentar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar