fredag 29. mai 2009

Norsk Villakssenter

Jepp, her sit eg, på Norsk Villakssenter i Lærdal, og svarar på dumme spørsmål (istadenfor å svara på dei same dumme spørsmåla på turistinfoen). Men det skal og seiast at arbeidsoppgåvene her på senteret er vidare enn på turistinfoen. I Gamlegata går stillinga ut på å svara på nemnde dumme spørsmål, og rydda litt (iallefall so tidleg i sesongen, det er ikkje alt som er heilt på styr). På villakssenteret skal ein vera seljar, resepsjonist, kinomaskinist, kokk, servitør, guide og fotomodell. Om dagen dermed er fyllt opp? Eigentleg ikkje. Det er nemleg ikkje grueleg mange folk å guida, selja ting til, setja på film til, gi røykelaks til eller hoppa framfor kameraet til...

2 kommentarer:

  1. Har du skifta jobb, altså?

    SvarSlett
  2. Nope, berre vikar ei veke. Eg forlet ikkje turistinfoen med det fyrste må du tru! Eg har jo snart tiårsjubileum! (Ok, eg må verkeleg finna ut kva sommar det var eg byrja der, for eg har sagt fem-seks år i grueleg mange år no...)

    SvarSlett