I går var me i konfirmasjon i Aurland, til syskenbarn Stina. Som sistemann av jentene i Skjerdal har ho no fått eigen bunad, vorten teken bilete av ein heil dag - er rett og slett blitt vaksen:
Olve klatra (svært vellukka), pappa kasta (mindre vellukka, særleg då han gløymte å halda fast i den enden av toget han ikkje skulle sleppa),
me drog (vellukka), og me datt (faktisk vellukka det og, me fekk lagt tyngd i arbeidet (bokstaveleg tala)).
Og so bar me dei heim att (både med og utan fall).
Her må det vel nemnast at det ikkje var ho med børa på ryggen som var uheldig, men derimot pantomime"hesten" i potetåkeren...
Hehe. En flott fotoreportasje, Mari. Er du tilbake i by'n no? Fra i morgen er det strålende vær her, så då er det vel litt kjekt å komme tilbake?
SvarSlett