torsdag 7. mai 2009

Forretningsidé?

På kollokvium som uttartar litt kan mange idear komma opp. So òg på samlinga for fire nordisk-studentar i eit hjørne av kantina på HF: spel. Dermed vart pausen på dagens kollokvium planlagt før resten av innhaldet. Alias skulle takast med, og so sat me der og underheldt resten av kantina, med stor innleving, ein jamn kamp og verdige vinnarar (mitt lag...)

Men dette førte oss inn på tanken om spel i undervisinga. Greitt, alle lærarstudentar, dette er vel ikkje ein ny og banebrytande pedagogikk for dykk, men for oss universitetsstudentar er ikkje dette kvardagskost.

- alle eksamenar, testar, prøver osb skal frå no av refererast til som "quiz" (evt "kviss" for puristiske nordistar). Dette vil gi ei meir positiv innstilling, i tillegg til at det gir inntrykk av at ein føl med i tida
- quiz er eigentleg ei god løysing på det meste, altså er det ein ide å utvikla store quiz-sett for fagområda
- evt større spel av typen TP eller Store norske. Særleg Store norske, me er jo eit bokelskande folk (nordistar altså)
- Alias for all terminologi
- Fantasi og/eller Pictionary for verk
- 20 spørsmål for forfattarar
- Beat for beat for salmar (ja, det er òg på nordisk-pensumet). Dette kan utvidast til dikt generelt, puggeskulen er ikkje nødvendigvis heilt ut
- adjektivhistoriar, gjerne utvida til alle ordklassane for grammatikklæring

Her stoppar fantasien til denne nordisk-studenten opp, men eg (og sikkert resten av kollokviegruppa i andre etasje) tek i mot forslag til andre spelidear med takk!

6 kommentarer:

  1. Meget gode ideer. Dersom sensoren din så dette, ville han gi deg A på alt uten å mukke!

    SvarSlett
  2. Som sagt; eg trur so absolutt me kan ha strøvla øve ain framtidig nisje her ja..me kjemme nok te å revolusjonera heile akademia;)

    SvarSlett
  3. Dette tenkte eg på sjølv då eg tok psykologi, og det er jo en helt fantastisk idé som noen burde videreutviklet.

    SvarSlett
  4. Eg trur på orntlig at eg hadde hatt dobbelt så bra snitt ut av ungdomsskulen og vgs viss ting hadde vert på den måten :p

    SvarSlett
  5. Har allerede hatt en rekke quiz i praksis:) det ble f.eks god stemning da vi hadde om jødedommen. Utrolig hva litt konkurranse kan gjøre med læringsviljen. Beat for beat har en tendens til å ta litt av etter min erfaring, i alle fall på barneskolen. Men gleder meg til flere forslag;) jeg må jo ha litt på lager til høsten starter...

    SvarSlett
  6. Ja, dette ser det ut til å vera interesse for! Det skal seiast at målgruppa i fyrste omgang er nordisk-studentar på universitet og høgskule, men ein skal ikkje sjå vekk frå at det kan komma "familieutgåver" (=grunnskuleutgåver) etterkvart. I alle fall merkar me at dette er noko me må arbeida vidare med, når me etter endt utdanning sit der med tre grunnfag, to mellomfag og minst eit hovudfag - og ingen jobb...
    Og Ae Mee, eg håpar du har rett! Desverre kan det sjå dårleg ut for at han i løpet av den neste veka får vita kva me har planlagt (om han då ikkje tjuvlytta på oss på fredag, og stel planane våre...)

    SvarSlett