tysdag 19. mai 2009

Wolverine

"It tickled." Det var det han svarte, Wolverine, på spørsmålet om korleis det gjekk då han vart henrette. Kul kar.

Eg har vore på kino med Ingebjørg, og sett ein godt laga film med lite innhald (X-Men Origins: Wolverine) - utanom (minst) ein grueleg kjekk mann (om dette stridest forresten dei lærde, altså Ingebjørg og eg, men eg har rett...) Ikkje ein klassikar (ikkje i X-men-forstand ein gong), men spanande og underhaldande nok. Om den gav svar på gåta Wolverine er vel heller tvilsamt - men kanskje nett det er like greitt. Ikkje same spaninga om ein veit alt.

2 kommentarer:

  1. De første 10, kanskje til og med 20 minuttene var bra. Eller ihvretfall tålelig bra. Det var før jeg innså at vi i denne filmen skulle raskt og overfladisk støte på smått obskure mutanter som ikke ligner på seg selv. Skulle gjerne hatt muligheten til å gå inn i dybden og bli kjent med disse folka...

    Og Deadpool... Litt usikker på hva jeg er mest oppgitt over. At de fikk Deadpool til å bli en datastyrt übermutant uten munn i stedet for sitt elskelige, snakksalige, psykotiske og fullstendig uforutsigbare seg, eller at de ga Ryan Reynolds en rolle hvor han ikke fikk snakke i mer enn noen få minutter i begynnelsen.

    SvarSlett
  2. Eg merkar at du kan grueleg mykje meir om dette universet enn meg - og at eg eigentleg er nøgd med det. Hadde nok irritert meg grøn hadde eg kunna meir. Men for å vera ærleg sat eg berre og leitte etter ting eg kunne kjenna att frå dei andre filmane og det vesle eg veit elles - og såg på den kjekke mannen...

    SvarSlett