onsdag 10. desember 2008

Konvertert

Eg har konvertert. Nei, ikkje til ein anna religion, ikkje ein gong til ein annan retning. Eg har konverter til Mac. Frå ein Acer-data med Windows og greier, til ein MacBook. Det er ei ny verd! Enno ei litt forvirrande og irrterande verd, men det kjem seg. Eg gler meg til mitt vidare liv med denne maskina. Men det er litt trist å ta farvel med den gamle, eg håpar berre den kan få eit langt og godt vidare liv saman med nokon som set like stor (større) pris på den som eg har gjort! Den gamle fekk forresten aldri eit namn, eg ville fyrst bli kjent med den - men når eg endeleg var so godt kjent med den at den var klar for namn, heitte den ikkje noko anna enn "den kjære", meint både oppriktig og meir kritisk. Så om nokon har forslag til namn på min nye "kjære", tek eg i mot med takk!

Utanom kjøp av data, har dagen blitt brukt til juleverkstad i huset. Magnhild og Ingebjørg kom, og saman har me produsert enorme mengder julegåver, julepynt og julekort. No avsluttar jentene i huset med It´s a Wonderful Life - ein engel av andre klasse har nettopp dutte på elvi. Hurra for juleferie!

3 kommentarer:

  1. Takk for en fin kveld i går.
    Forslag til namn: Otto. eventuelt Kjære Otto.

    Ha ein fin dag

    SvarSlett
  2. Min heter StoreGrå...litt kjedelig igrunn hehe. Har du oppdaga åssen kjønn den er?
    Gratulerer med macbook, og velkommen i klubben :)

    SvarSlett
  3. Takkar!

    Fyrste forslag var MacGyver, sjølvsagt. Alle namn må takast til nøye vurdering merkar eg. Dette er ein alvorleg sak, men det kan jo ta for lang tid. We´ll see.

    Eg er ikkje heilt sikker på kjønn, men trur nok den er av hankjønn. Dvs, eg håpar det, for elles har eg bytt ut dataen, den kjære, med eit anna kvinnfolk, og me er allereie tre i huset - det held.

    SvarSlett