måndag 8. desember 2008

Slik kan det gå

Omlag slik kan ein munnleg eksamen gå føre seg (så godt som autentisk døme):

- Ja, det gikk jo greit med det skriftlige arbeidet. Du skrev om Grieg.
- Mm.
- Ja, da har vi jo vært gjennom dramatikken. Da tar vi litt lyrikk. Det var jo en oppgave om Stein Mehren, og diktet hans Gobelin Europa. Kan du si noe om hans forfatterskap?
- Nei, det har eg ikkje heilt oversikt over.
- Nei, kan du si noe om diktet da?
- Joda, det kan eg no... (og so snakkar me litt om diktet)
- Ja, du nevner Jan Erik Vold. Når debuterte han?
- Nja, det har eg ikkje heilt oversikt over. Men han vart jo kjent med Profil i '66.
- Ja, det stemmer. Og Mehren da?
- Nei, det har eg ikkje heilt oversikt over.
- Det var i 1960.
(og so snakkar me litt om 60-talet)
- Ja, da går vi over på epikken. Du leverte ikke egen litteraturliste, nei?
- Nei.
- Nei... Hvilken roman likte du best da?
- (Jenny! Nei, forresten, den er eg ueinig i. Fulgane! Å, den er fin den! Men eg kan jo ikkje sei noko om den. Naiv.Super! Nei, den likar jo ikkje han) Menneske og maktene av Duun var jo fin då...
- Ja, si litt om den
(og so snakkar me litt om menneske, makter, rammeforteljingar og storsjøar)
- Ja, da har jeg hørt nok!
- Hæ?
- Ja, hvis du vil gå ut et minutt eller så, så vi kan diskutere litt...?
- Jammen... (eg går ut)

Ja, slik kan det gå føre seg når ein har munnleg eksamen i Litteratur etter 1900. No er det juleferie!

3 kommentarer:

  1. Brå slutt på den eksamen :p

    SvarSlett
  2. Og ka fikk du då? A?
    Heldige du som har juleferie no!
    Gratulerer

    SvarSlett
  3. Ja, eg fekk A. Godt nøgd med det, for å sei det slik :-)Eg takka jo fint for den, og då sa sensor "sjølv takk". Tek det som ein komplement eg.
    Lukke til i morgon Magnhild!

    SvarSlett