torsdag 2. april 2009

Hamsun

Eg prøvde å lesa Victoria på ungdomsskulen. Kom halvvegs. Eg prøvde å lesa Pan på vidaregåande. Kom ikkje forbi dei fyrste sidene. Og nei, eg likte ingen av dei. Eg har altså mislikt Hamsun i årasvis, og sukka og stønna då eg oppdaga han på pensumlista på nordisk (kva trudde eg eigentleg, at eg unngjekk han...?)

Og so les eg Markens grøde i haust. Språket var fantastisk, historia spanande, hovudpersonen ein ekte helt og ideane lettfattelege (og einsretta, det må innrømmast). Men eg likte ikkje Hamsun for det altså, berre so det er slått fast (eg er jo ikkje den minst stae, er eg vel?). Og no har eg pressa meg gjennom Sult. Eg seier pressa, fordi det er ca 10 timar til eg har førelesing om den. Men elles har det eigentleg ikkje vore noko ork. Språket er drivande, plotet ikkje-eksisterande, men likevel meddrivande, hovudpersonen ein sær skapnad (som eg skremmande nok kjenner meg bittelitt att i nett no...), og eg likar Hamsun.

Ja, slik kan det altså gå på nordisk, ein blir forført av for lengst døde (og noko ideologisk tvilsame) forfattarar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar