søndag 12. april 2009

Påske

Nerdane slår til igjen...

Det har jo ikkje vore noko nytt Ord for veka her i det siste, og denne veka (som var) vert det heller ikkje det. Derimot skal me sjå på litt grammatiske viderverdigheitar og språklege utviklingar, i samband med påske. Altså "påske", ordet.

Definisjonane av "påske" kan de finna her, det interessante er at sjølv om det er opphaveleg frå hebraisk, fanst ordet og på norrønt. Det betyr at det har gått gjennom nokre morosame endringar. Vokalen er blitt ein heva /o/ (altså utalt som ein skriven å, ikkje ein o, berre for å gjera dette greiare...) frå den norrøne skrivemåten á, eller ein har fått diftongering. Altså: på Austlandet seier dei /po:ske/, i Lærdal seier me /pauske/, (u er uttalt som ein skriven o) med kort diftong - noko som er konsekvent på Nord-vestlandet (Sogn til Sunnmøre), men kan veksla andre stader der dei òg har diftongering. I vårt område er det altså uaktuelt å sei /po:ske/ òg for dei som manglar difotng her, dei har i tilfelle ein kort vokal /o/ (utan kolon bak), på grunn av konsonantgruppa som kjem etter, og manglande analogi til uttalar med kort vokal.

Konsonantgruppa har òg litt ulik uttale ulike stader. I Indre Sogn vert den uttalt som dei fleste andre stadar i landet, men nærmar ein seg midtre og ytre vert det moroare. Der vert k´en palatalisert, og ein får ein uttale som liknar denne: /pausje/, der s og j vert uttalt saman i same lyd.

(Ja, eg sit og les om språkutvikling. Ja, eg ynskjer meg enno IPA-skrift på dataen. Og ja, so nerdete som dette burde det kanskje ikkje vera lov å vera...)

2 kommentarer:

  1. palatalisering e morro. då kan ein sei mannj med hannjhonnj i bannj og sånt

    SvarSlett
  2. Åjodao, so nerdete so detta e da hailt lov å vera:) Åg palatalisering (elle egentle språkutvikling generellt) e moro! Moro,moro! Me sjaoast i måro, te aitt hjertele (elle va da "hjertele"..?) gjensyn me Tjønneland.

    SvarSlett